Hopp til innhold

Søviknes får fire nye år

Terje Søviknes (Frp) held fram som ordførar i Os. Valforskar trur det er gjort ein hestehandel om vervet som fylkesordførar.

Terje Søviknes

Terje Søviknes får halda fram som ordførar, trass i at Frp går tilbake.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Framstegspartiet gjekk tilbake i Os , som elles i landet, og dei siste dagane er det blitt spekulert i at Høgre kunne få til eit samarbeid med opposisjonen .

Men no er det altså klart at det meste blir som før i Os. Etter 12 års samarbeid blir det fire nye år med blått styre i nabokommunen til Bergen.

– Veldig positivt

– Eg syns dette er veldig positivt, både for kommunen og lokalsamfunnet, seier Terje Søviknes til NRK.

Han seier partia byter leiar i to utval, men at dei elles vidarefører dagens samarbeid.

Marie E. Lunde Bruarøy (H) blir sitjande som varaordførar i Os.

Her er alle valresultata frå Os kommune

– Partia vil dei komande vekene arbeida vidare med ein politisk styringsplattform for valperioden 2011-15, skriv dei to partia i ei felles pressemelding like før klokka 9 tysdag morgon.

– Skaper velvilje

Tom-Christer Nilsen

I går kveld blei det klart at Tom-Christer Nilsen (H) overtar som fylkesordførar.

Foto: Mats A. van Dam Lie

Terje Søviknes avviser ikkje at løysinga i Os kan sjåast i samanheng med at det i går kveld blei klart at Høgre overtar fylkesordførar-vervet i Hordaland.

– Det er jo kontaktar og vi snakkar saman om forhandlingane. Ei avklaring ein stad kan skapa ekstra velvilje ein annan stad. Men det er jo ingen direkte bindingar, seier Søviknes.

Les og: Veit ikkje kva ho skal gjere

Ekspert: – Samarbeid er vanleg

Valforsker Terje Knutsen ved Universitetet i Bergen seier det er sannsynleg at det ligg ein felles avtale bak fordelinga av dei to postane.

– Eg vil vel seia at det er svært sannsynleg. Dette er ganske vanleg. Terje Søviknes er jo både i fylkestinget og er ordførar i Os, så han har nok vore sentral her, seier Knudsen.