Hopp til innhold

– Ta med varme klede

Det snør i fjellet, og det får konsekvensar på fleire fjellovergangar. Vegtrafikksentralen ber bilistane ta det med ro, og ha med varme klede dersom dei blir ståande.

Kolonnekøyring på Haukeli

KOLONNE: NRK har fått dette biletet frå ei kolonne som køyrer vestover på E134 Haukeli i dag.

Foto: Solveig Karin Hillesland / 03030-tipser

– Det går greit akkurat no, men mange ringer og lurer på korleis føret er, fortel Tom Hansen, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen.

Det er glatte vegar rundt om no. Og i flellet er det både stengt, kollonnekjøyring og dårleg sikt.

Hansen oppmodar bilistar som skal opp i fjellet om å pakke bilen slik at dei er rusta til å bli ståande.

– Ta med varme klede. Mange trur at det er berre å sette seg i bilen og køyre frå A til B, men på denne tida kan ein bli ståande, åtvarer han.

Han ber også bilistane ta det mer ro, og legge inn ekstra tid.

Søndag ettermiddag er det stengt på riksveg 13 over Vikafjellet på grunn av uvêr. Same vêrforhold gjer at det no er kolonnekøyring på E134 over Haukelifjell.

– Det snør i indre strok no, og det gir krevjande køyreforhold. Siste melding frå Hardangervidda er at det er snø- og isdekke, seier trafikkoperatør Tina Fjeldavli ved Vegtrafikksentralen.

På riksveg 7 er det langt frå like ille vêr som på dei andre overgangane, men det er venta at det vil blåsa sterkare vind utover dagen.

– Brøytebilane er i sving og dei er i beredskap. Ellers må bilistane ta med ro og køyre etter forholda, oppfordrar Fjeldavli.

Snø og slaps

Slik er situasjonen på vegane no (klokka19:30):

  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring på grunn av uvêr.
  • Rv13 Vikafjellet: Stengt på grunn av uvêr. Blir ikkje opna i dag.
  • Rv7 Hardangervidda: Snø- og isdekke, stedvis redusert sikt og fare for glatte parti.
  • E16 Gudvangen – Voss: Snødekke.
  • E39 Knarvik - Oppedal: Laus snø
  • Rv13 Jøsendal – Odda: Vekslande snøslaps, bart og vått.
  • Rv13 Jøsendal - Røldal: Snødekke, fare for glatte parti

Det var i går kveld at snøvêret byrja å gi utfordringar på vegane. Både på fylkesveg 7 over Kvamskogen og på E39 ved Romarheim kome det godt med snø og slaps på vegane laurdag kveld.

Slik ser det ut på E134 Haukelifjell no (webkamera frå Statens vegvesen - NB: snu mobilen til liggande retning for betre bilete):

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «E134 vestover på Haukelifjell» i nytt vindu

Roleg på Flatøy

E 39 åpnet kl 15.43 søndag.

Dette var på førehand mest spennande for Vegtrafikksentralen var stenginga av E39 over Flatøy i Nordhordland.

Her måtte bilistane heilt av europavegen og over på ein mindre landbruksveg ved Hjelten, fordi Vegvesenet støypte ei bru.

På førehand var det varsla køar, men det verka som om dei fleste har fått med seg at europavegen ville stenga.

– Det har faktisk gått over all forventning så langt, sa trafikkoperatør Tom Hansen til NRK i går kveld.

Slik ser det ut på E39 Nordhordlandsbrua mot Flatøy no (webkamera frå Statens vegvesen):

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «E39 Nordhordlandsbrua» i nytt vindu