Hopp til innhold

Helikopter skal stoppa ulovleg skuterkøyring

Politiet tar no i bruk helikopter for å stoppa ulovleg snøskuterkøyring. Eit politihelikopter frå Oslo blei i slutten av januar sett inn i jakta på ulovleg køyring i fjella rundt Voss.

Politihelikopter

SCOOTERJAKT: Eit politihelikopter frå Oslo var på jakt etter ulovleg scooterkøyring i fjella rundt Voss (Arkivfoto).

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Ivar Hellene

FLEIRE AKSJONAR: Lensmann Ivar Hellene på Voss seier det blir fleire helikopteraksjonar.

Foto: NRK

– Det blir fleire slike aksjonar. Det kan eg lova, seier lensmann Ivar Hellene på Voss.

Han har sett seg lei på at folk rasar rundt i fjellheimen med snøskuter utan løyve. Ofte er det snakk om kraftige skuterar som går svært fort.

Lensmannen seier problemet er stort, og at lensmannskontoret ikkje har nok ressursar til å setja ein stoppar for køyringa.

Vanskeleg å ta

– Det er vanskeleg å ta dei som køyrer ulovleg i utmarka. Dette er brot på lova om motorferdsel i utmarka, og det er reglar vi må handheva, seier lensmannen.

Difor syns han det er bra at dei har fått hjelp frå politihelikopteret. Aksjonen i januar førte til at ein skuterførar blei tatt for ulovleg køyring.

Det er likevel mange som har uttalt seg sterkt kritisk til denne helikopterjakta.

Voss scooter- og ATV-lag, som prøver å få til lovleg scooterkøyring, har også fått mange innspel om overdriven ressursbruk frå politiet si side.

– Vi har fått ein del tilbakemeldingar på ressursbruken i fordhold til kor stort problemet er. Folk reagerer på at det blir brukt store politistyrkar, snøskuterpatruljar og helikopter, seier leiar Stian Ringheim.

To alvorlege ulykker

Men lensmannen peikar også på at den ulovlege køyringa er til fare for både folk og dyr.

Han er slett ikkje einig i at det er for drastisk å bruka politihelikopter.

– Vi har fått kjennskap til to alvorlege ulykker i fjor som ikkje har vore meldt til politiet. Vi må stoppa dette før det eskalerer, seier Ivar Hellene.

Scooter

ALVORLEGE ULYKKER: Lensmannen har fått kjennskap til to alvorlege ulykker i fjor, som ikkje er meldt til politiet (Illustrasjonsfoto).

Foto: Arnstein Jensen / NRK