Hopp til innhold

Snøskred isolerer to bygder

40–50 personar er stengt inne etter at eit større snøskred har gått over fylkesveg 313 i Voss kommune. – Det blir nok ikkje rydda i dag, er beskjeden frå Vegvesenet.

Snøskred på fylkesveg 313 ved Langeland

Det er mykje tung og våt snø i skredet som har kome ned over fylkesveg 313.

Foto: Monika Derèn / 03030-tipser

Statens vegvesen fekk melding om snøskredet i 11-tida laurdag.

Skredet har gått på fylkesveg 313 i Voss kommune, mellom Evanger og Brekkhus. Den tunge snøen dekkjer heile vegbana, og det er difor ikkje mogleg å ta seg forbi.

40–50 personar er dermed isolerte i dei to grendene Brekkhus og Århus, skriv Avisa Hordaland, som omtala skredet først.

Blir ikkje opna i dag

Trafikkoperatør Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen seier vegen neppe opnar i dag.

– Entreprenør har vore oppe og sett. Snøen er sopass våt og tung, og det er også fare for nye skred i området. Så det blir nok ikkje opna i dag.

Nedbørsmengdene og det milde vêret gjer at skredfaren i fylket er svært stor. Snøskredvarslinga gjekk i går ut og åtvara ved å setje faregraden opp frå to til fire.

– Kjem meg ikkje på jobb

Monika Derèn (18) bur på Brekkhus og har sendt eit bilete av raset til NRK. Ho seier det er litt spesielt å bli isolert frå omverda.

– Eg har budd her i tre år no har ikkje opplevd noko liknande. Eg skulle vore på jobb i dag, men det går jo ikkje no, seier ho med eit smil.

– Ein blir jo litt redd, men det er jo også litt spennande. Vi får uansett halde oss heime i dag.

Uvêr på fjellovergangane

På fjellovergangane har vêret herja i føremiddag, men fleire plassar har det no roa seg igjen. På E134 over Haukeli er det no opent for fri ferdsle etter at det har vore kolonnekøyring i heile føremiddag.

Både på riksveg 7 over Hardangervidda og riksveg 13 over Vikafjellet er det stengt på grunn av uvêr.

ras brekkhus