I femten år har kystoppsynsmann Terje Haugland (70) passa på fjordar og skjærgårdar i Hordaland. Den tidlegare politimannen har hatt 80 % stilling som skipper og oppsynsmann i Statens naturoppsyn.
– Hovudoppgåva er lakseoppsyn i sesongen som varar frå no og ut september. Så har eg elles mellom anna oppsyn med sjøfuglereservata. Det er ein viktig jobb.
NRK er med då 70-åringen skal frakta ein inspektør ut til Ånuglo og Seløya naturreservat sør for Tysnes.
Kuttar stillinga og sel båten
Men 31. august er det slutt. Når Haugland pensjonerer seg, har Miljødirektoratet valt å inndra stillinga hans og selja båten. Det skal kuttast i budsjettet.
Fylkesmannen meiner nedskjeringa er ei urimeleg svekking for miljøforvaltning av mellom anna sjøfuglreservat og vossolaksen.
– Hordaland har dei siste åra lagt på toppen i talet på beslaglagde flytegarn, som avdekker eit betydeleg tjuvfiske etter laks og sjøaure, seier miljøvernsjef Kjell Kvingedal hjå Fylkesmannen i Hordaland.
Kvingedal fryktar oppsynskuttet kan auka det ulovlege fisket og føra til meir miljøkriminalitet.
Ein båt passar på kysten
Etter at Haugland pensjonerer seg og båten blir seld, skal oppsynsbåten i Florø i Sogn og Fjordane også dekka Hordaland. Det er minst fire timar unna.
På tre år har tre kystfylke no mista halvparten av oppsynsstillingane. I praksis er det 1,2 årsverk som skal passa på kyststrekninga frå Boknafjorden til Sunnmøre, skriv Bergens Tidende.
– Det fører til at omfanget av dei oppgåvene som kan løysast i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane vil vera mindre enn det er i dag.
– Oppsynsressursane blir naturleg nok spreidd meir tynt utover, men vi meiner vi skal klare å halde oppe eit forsvarleg oppsyn, sjølv om omfanget blir mindre, seier direktør Pål Prestrud i Statens naturoppsyn.