Litton pendlar mellom Bergen og USA, men verken reising, jetlag eller andre ting ser ut til å virka inn på humøret.

– Han har alltid eit ufordrageleg godt humør, seier Per Hannevold, som spelar fagott i orkesteret.

Denne veka blei Andrew Litton overraska med kake, både som takk for innsatsen dei siste åtte åra, men aller mest fordi han no lovar å bli i Bergen i fire år til.

Den nye kontrakten gjeld til og med 2015. Då fyller orkesteret 250 år, og Litton seier han alt er i gang med å tenkja på jubileet.

NRK skreiv at det var ein svært nøgd orkesterdirektør Lorentz Reitan som kunne offentleggjera tilsettinga av Litton i oktober 2001.

Andrew Litton - Denne veka blei Andrew Litton overraska med kake. - Foto: Bengt Roger Kåven / NRK

Denne veka blei Andrew Litton overraska med kake.

Foto: Bengt Roger Kåven / NRK