Hopp til innhold

Slue p-syndarar brukar bota på nytt

Bilistar vel kreative metodar for å sleppe unna parkeringsavgifta. Men gjenbruket kan bli dyrt for den som prøver seg.

Parkeringsbot

GJENBRUK: Parkeringsbetjentar melder om gjenbruk av bøter fleire gonger i veka. fagsjefen anslå at det dreier seg om kring 30 tilfelle kvar månad. (Illustrasjonsfoto)

– Mange som får eit parkeringsgebyr eller ei tilleggsavgift, flyttar bilen, for så å komme tilbake seinare og parkere på same plass, med bota på ruta, fortel parkeringsbetjent i Bergen kommune, Siw Bakka.

Siw Bakka og Øyvind Haga

Parkeringsbetjent Siw Bakka og fagsjef i trafikketaten i Bergen kommune, Øyvind Haga.

Foto: Lene Granli / NRK

På sine 25 år som parkeringsbetjent i Bergen kommune, har ho sett litt av kvart på rundane. Gjenbruk av bøter blir meir og meir vanleg. Kvar veke finn Bakka gamle bøter på ruta til bilistar som prøver å lure trafikkbetjentane.

– Det er ikkje noko bestemt gruppe som gjer dette. Både godt vaksne menn og kvinner, forretningsfolk og studentar prøver seg, seier trafikkbetjenten.

LES OGSÅ: Flere betaler ikke før de trues med tvangssalg

– Folk stel andre sine bøter

– Me fører ikkje statistikk, men grovt rekna vil eg tru det er snakk om rundt 30 stykk i månaden, seier fagdirektør i trafikketaten i Bergen kommune, Øyvind Haga.

Kvart år skriv trafikketaten i Bergen kommune ut til saman 55.000 gebyr og tilleggsgebyr. Haga åtvarar bilistar mot å bruke den gamle bota for å sleppe ein ny.

Parkeringsvakt

BOT: Fleire bilistar prøver å snike seg unna ei ny bot, ved å bruke den gamle på ny.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

– Det er jo ikkje lov. Parkering forbode-skilta er der av ein grunn, for at det skal vere mogleg å komme seg fram i gatene, seier Haga.

Gjenbruk av bøter er langt frå det einaste trikset bilistane har i ermet.

– Me har jo høyrt om at enkelte stel parkeringsbøter og set dei på bilen sin, i håp om å unngå parkeringsavgift. Eg trur ikkje det er så vanleg i Bergen, men me får inn ein del folk som seier dei ikkje kan finne parkeringsbota si. Om det skuldast at andre har tatt den for å unngå eiga bot, veit eg ikkje, seier Haga.

LES OGSÅ: Møt parkeringsvakta som helst ikkje vil skrive ut bøter

Gjenbruket kan bli dyrt

Andre vel den sokalla «innsamlingsmetoden».

– Me har faktisk opplevd å komme inn i heisen til lokala våre, og blitt møtt av 10–20 parkeringsbøter som nokon har samla inn og lagt der. Det finst mange kreative menneske, seier Haga.

parkeringsbot bergen

BLIR DYRT: Dei som bruker bota på nytt, får ei ekstra bot.

Foto: Lene Granli / NRK

Om dette er ein protest mot systemet er fagdirektøren usikker på. Men det går utover andre bilistar som ikkje får betalt bota si i tide, seier han.

Forsøket på å lure seg frå bota kan også bli dyrt for dei som prøver seg. Bilistar som blir tatt får eit nytt gebyr i tillegg til det fyrste. I verste fall blir bilen taua bort.

LES OGSÅ: – Det bør svi mer for nordmenn å feilparkere |