Hopp til innhold

Fjerna 244.000 kilo avfall langs kysten

I fjor blei 244 tonn avfall fjerna frå norske strender. På Herdla skyl store mengder søppel rett inn i eit fuglereservat. – Ein pest for fuglar, seier ornitolog.

Marint avfall på Herdla

PLAST: Plast er verstingen i den marine avfallssamlinga. Over tid vert det syntetiske materialet brote ned til mindre og meir skadelege objekt, men krinsløpet er langt.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Dette er ein ekstremt lei situasjon i eit svært viktig område. Plast er ein av dei store belastningane for fuglar som held til på og ved sjø, seier ornitolog Frode Falkenberg i Norsk ornitologisk foreining.

Store mengder marint avfall finn vegen til strendene på øya Herdla nord i Askøy kommune. Det meste av det ikkje-organiske avfallet er plast.

Fuglereservatet er heim for meir enn 220 artar, og eit unikt hekkeområde for fleire utryddingstruga artar.

Mange av desse står i fare for å verta råka. Plast er årsak til kveling og forgifting.

Avfall på Herdla

REIR: Ornitolog Frode Falkenberg fortel at mange fuglar vert drepne som følgjer av at dei nyttar bitar av plast til bygging av reir. – Fuglar kan enkelt setja seg fast i plast og tau.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Fjerna 244.000 kilo strandavfall i fjor

Marint avfall er eit stort problem langs heile norskekysten. «Hold Norge Rent» organiserer ryddeaksjonar på norske strender. I fjor samla over 19.000 frivillige inn meir enn 244.000 kilo avfall langs heile kysten.

I fjor gjennomførte organisasjonen 60 ryddeaksjonar i Hordaland, mellom anna på Herdla.

Også Herdla museum har stått for rydding i området i fleire år.

Plast er ein absolutt versting, seier fagansvarleg for marin ureining, Malin Jacob.

– Mesteparten kjem frå landbaserte kjelder og noko fiskeri. Det er trong for ei haldningsendring i samfunnet. Avfall som plast har eit langt krinsløp, seier Jacob.

Plast rundt halsen og fiskekrokar i nebbet

Om vinteren er Herdla det viktigaste området på Vestlandet for overvintrande fuglar. Dykkeender er særleg utsette etter å ha gapa over syntetisk materiale.

Ærfugl

FISKESLUK: Ein ærfugl har slukt ein fiskereiskap med snøre. Avfall frå sjøen er ein trugsel mot fugleartar langs kysten. Biletet er teke i ein annan samanheng.

Foto: Frode Falkenberg / falkefoto.no

– Fuglar et på instinkt det som flyt i overflata. Dykkeender får plast surra rundt halsen eller fiskekrokar sett fast i nebbet. Som oftast endar det ille, seier Falkenberg.

Han seier avfallet på Herdla fyrst og fremst er eit estetisk problem, av di dei største skadane alt har skjedd lengre til havs.

– Obduksjonar av havhestar har vist mageinnhald av hundre prosent plast. Plast er eit stort problem, understrekar ornitologen.

Bergensarane er del i skulda

Assisterande miljøvernsjef hjå Fylkesmannen i Hordaland, Stein Byrkjeland, seier Herdla er eit prioritert tilfelle. Fylkesmannen fjernar marint avfall i naturreservat, men har ikkje kapasitet til å prioritera andre område.

I statsbudsjettet for 2015 blei det sett av ti millionar kroner til tiltak mot marin ureining. Private og offentlege aktørar og verksemder kan søkja Miljøverndirektoratet om støtte til prosjekt for opprydding.

Det kan ikkje fylkesmannen. Difor oppmodar Byrkjeland organisasjonar til å ta opp kampen mot den syntetiske fienden.

Havstraumen forbi Bergen går nordover. Herdla vert difor eit naturleg endestopp for mykje «sentrumsrask» som hamnar på sjøen.

– Det er bra boset vert fanga opp, men det er synd det kjem rett inn i eit naturreservat, seier Byrkjeland.