Hopp til innhold

Slik kan det sjå ut med godsterminal på Haukås

Kvar ny godsterminal skal plasserast er eit brennheitt og splittande tema i Bergen. No kastar fagfolka i kommunen seg inn i debatten, og tilrår Haukås i Åsane.

Laster innhold, vennligst vent..

Jernbaneverket konkluderte i november med Hordnesskogen i Rådal og Unneland i Arna som dei to anbefalte alternativa for plassering av ny godsterminal i Bergen.

I eit fagnotat tek kommunen sin etat for plan- og geodata kraftig til orde mot Jernbaneverkets prioritering, skriv Fanaposten.

Fagfolka til kommunen vurderer Haukås i Åsane som eit betre alternativ enn Hordnesskogen, og begge stadene som betre enn Unneland i Arna.

– Haukås er kanskje det einaste alternativet det er mogleg å følgja opp med planlegging på kort sikt. Det er også mogleg å starta masseutskifting og planering på delar v området, siterer Bergensavisen frå fagnotatet.

Meiner Jernbaneverket har plassert terminalen feil

I kartlegginga til fagetaten har dei sett på dei ulike alternative vekta opp mot ei modernisering av Nygårdstangen. Det er lagt ei rekkje ulike kriterium til grunn, mellom anna byutvikling, areal, transport og gjennomføring.

Haukås scorar altså best hjå kommunen sine fagfolk, mykje fordi ein godsterminal på Unneland eller i Hordnesskogen vil øydelegga store naturverdiar.

BA skriv at fagetaten også meiner at Jernbaneverket har plassert ein mogleg godsterminal på Haukås feil i si utgreiing, og at det store rom for forbetring. Jernbaneverket sjølv meiner ein godsterminal på Haukås blir liggjande på feil side av byen.

I løpet av våren skal Bergen bystyre gi si utsegn til Jernbaneverkets KVU-rapport, og fagnotatet frå kommunens eigne fagfolk blir naturleg nok eit viktig innspel i debatten.

Se området som vurderes for den nye godsterminalen
Se området som vurderes for ny godsterminal.

Splid og usemje

Dei som bur i umiddelbar nærleik, eller til og med på stadene som kan bli omgjort til godsterminal, har engasjert seg kraftig i saka. Debatten har eskalert ytterlegare etter at Jernbaneverket konkluderte med at anten Unneland eller Hordnesskogen er beste plassering av ny godsterminal.

Ifølge Jernbaneverket vil terminalen bli kring to kilometer lang og 350 meter brei. Prosjektleiaren har sjølv omtala terminalen som eit «sinnsykt svært anlegg».

I førre veke kasta fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) seg inn i debatten om plassering. Ho gjekk ut i Bergens Tidende og sa at «Unneland og Hordnesskogen er svært krevjande lokaliseringar».

- Haukås har jo eit stort areal. Det er mykje som tydar for at det er ei god plassering, argumenterer fylkesordføraren, som står med postadresse i Rådal.

Jernbaneverket sin KVU er ute på høyring, med svarfrist 21. juni. Av dei som har levert innspel, er NHO, som vil ha jernbaneterminal i Hordnesskogen og godshamn på Sletten, rett vest for rullebana på Bergen lufthamn, Flesland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
godsterminal i Bergen