Hopp til innhold

Slik herjar ekstremvêret «Nina» Norge

168.000 personar har vore utan straum over heile landet. Flytrafikken stod og fleire ferjesamband var innstilt. Stormen slo til også på Austlandet.

Prefaboden i Skuteviken

SLÅR TIL: «Nina» går hardt til verks, her frå Skuteviken i Bergen sentrum. Se Dagsrevyens reportasje frå vindens herjingar.

SISTE: 17 000 husstandar i Hordaland er framleis utan straum, og Telenor melder om at 113 basestasjonar er ute. BKK skal opp i helikopter for å mellom anna få oversikt over skadar og å få reparert desse.

Saka blir ikkje oppdatert, les meir her: Straumen tilbake etter eit døgn

Laurdag ettermiddag er det venta at ekstremvêret Nina vil slå til på sitt hardaste. Siste frå NVE klokka 18.30 er at 70.000 husstandar er utan straum i heile landet. Det vil seie i overkant av 168.000 personar.

Slik har stormen herja landet til no:

Sogn og Fjordane

Her har høg vasstand til no skapt den største utfordringa, men det er venta at vinden skal auka kraftig på. Totalt tolv vegar er stengde, i tillegg til at fleire båtruter og ferjeruter er innstilt. Som elles på Vestlandet er det fare snøskred.

Hordaland

Tre over Lepsøykrysset

VELTA TRE: Her frå Lepsøyvegen i Hordaland.

Foto: Jan Petter Svendal / 03030-tipser

Det er Hordaland og sørover som er venta å få det verst. No er det over 22.000 husstandar utan straum på grunn av tre som har falle over straumlinjer. I tillegg er fleire ferjesamband og vegar stengde. Telenor melder også om at alle basestasjonane i Austevoll er slått ut, noko som gjer at mobildekninga er svært dårleg i området. Det er uvisst når Telenor får ordna dette.

Politiet ber innstendig om at folk ikkje bevegar seg ut i uvêret. Lause gjenstandar og høge bølger gjer rett og slett at det kan vera livsfarleg å gå ute.

Store bølger slår kraftig inn om mot land og bygninger i Rosendal.

Bølgene slår inn i Rosendal i Hardanger.

Rogaland

Bølger på Karmøy

STERK VIND: Vinden har godt tak langs kysten, her frå Ferkingstad på Karmøy. Fotografen har sendt inn bildet via Instagram og bruka emneknagg #YRno

Foto: Torstein Nymoen / Tips

Også i Rogaland har «Nina» godt tak. Fleire tre veltar og både fasadar og tak på kjøpesenter og stadionanlegg har blitt tatt av vinden. Haugesundspolitiet har åtvara mot lause plater som flyr gjennom lufta på Risøy. Alle ferjesambanda i fylket har gitt tapt for stormen, og er innstilte. Over 10.000 er utan straum på Haugalandet.

Sørlandet

På Sørlandet åtvarar også meteorologane mot å bevega seg for nær kysten. Når «Nina» treff kan det bli både voldsomt og farleg. Vest for Lindenes kan det komme opp i sterk storm med bølgehøgde på mellom 8 til 10 meter. På Sørlandet er nær 20.000 husstandar utan straum.

Austlandet

Meteorologane melder no at ekstremvêret også vil nå Austlandet. I Østfold kan det blåse full storm. I nabofylka Buskerud og Vestfold kan det komme ekstreme vindkast – utan at middelvinden blir like sterk som i Østfold. Som på Sørlandet og vidare oppover kysten blir det åtvara om høg vasstand.

Tønsberg kommune ber innbyggarane halde seg inne i kveld og i natt på grunn av uveret.

Sørlandsbanen er stengt mellom Lunde og Bø på grunn av uveret og problem med straumen. NSB set inn alternativ transport, opplyser dei. I tillegg er fylkesveg 40 over Dagalifjell stengt på grunn av dårleg ver.