Hopp til innhold

Slik hamna kanonkula i domkyrkjeveggen

Sidan 1665 har ei kanonkule sete fast i veggen på Bergen Domkyrkje. Ein kurer frå kongen som ikkje nådde fram i tide har mykje av skulda.

Kanonkule i veggen på Bergen domkyrkje

Linda Eide har erklært kanonkula i domkyrkje veggen for å vera ein norsk attraksjon.

Foto: NRK

Kula stammar frå eit slag på Bergens våg mellom nederlendarar og engelskmenn i august 1665. Det har den pensjonerte marineoffiseren Kåre Ritland funne ut, og det er ei interessant historie bak kvifor dette slaget kom i stand.

Kåre Ritland

Etter at han blei pensjonert har Kåre Ritland brukt mykje tid på å finna ut korleis kula hamna i veggen.

Foto: NRK

I 1665 var England og Nederland i krig. Noreg var ein del av Danmark og danskekongen hadde erklært den viktige hamnebyen Bergen for å vera nøytral.

Blei freista av «indiske skattar»

– Danskekongen var bankrott, han ville vera nøytral, men han går likevel bak ryggen på nederlendarane som ligg inne i Vågen i Bergen, forklarer Linda Eide. Saman med Kåre Ritland har ho i programmet Norsk Attraksjon nøsta opp i slaget i 1665.

Video Kanonkule i Bergen domkyrkje

Danskekongen klarte ikkje å stå i mot då ti nederlandske skip som hadde vore i India kom inn til Bergen hamn.

– Nederlendarane hadde ein armada full av alt du kan tenka deg av godsaker på den tida, og det var verdiar verdt eit heilt dansk-norsk statsbudsjett, seier Linda Eide.

Beskjeden frå kongen kom for seint

Lasta blei så freistande at kongen gjekk bak ryggen på nedlendarane. Han inngjekk ein avtale med engelskmennene og sendte ein kurer med ein beskjed til soldatane på Bergenhus festning, som sa at dei skulle hjelpa engelskmennene.

– Engelske skip på veg inn i Vågen la seg i kampformasjon. Dette såg hollendarane, slik at dei tok ein tilsvarande posisjon litt innanfor, forklarer Kåre Ritland.

2. august braka det laust, og sidan kureren frå Danmark ikkje hadde nådd fram til Bergen fekk engelskmennene motstand både frå dei nederlandske skipa og norske soldatar.

Motstand frå alle kantar

Då engelskmennene i tillegg fekk vinden mot seg byrja skipa å krenga og ei kanonkule som var meint for ei skuteside nede på Vågen hamne heilt oppe på veggen i Bergen Domkyrkje, ein kilometer unna.

Kanonkule veggen på Bergen domkyrkje

Langt oppe på domkyrkjeveggen sitt kanonkula fast.

Foto: NRK

Slaget blei ein total fiasko for engelskmennene og hovudgrunnen var at meldinga frå danskekongen kom for seint fram til Bergen. Dette gjekk også hardt inn på danskekongen.

– Det er skrive at han gjekk som eit levande lik i fleire veker etterpå, forklarer Kåre Ritland.