Hopp til innhold

Rekordbrua i Hardanger

10 000 tynne ståltrådar skal halda oppe den rekordlange Hardangerbrua. Bedrifter i store delar av verda arbeider no med byggeklossane til brua.

Brubyggjarane oppe på catwalken blir berre små, oransje prikkar høgt der oppe.

Rekordane står for fall med den nye brua som er under bygging i Hardanger:

  • Verdas lengste hengebru med berre to kjørefelt
  • Norges lengste hengebru
  • Verdas sjuande lengste hengebru

No kjem bærekablane

Prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen viser stolt fram både brua og teikningar over korleis det skal bli når alt er ferdig.

– Vi inne i ein hektisk fase, sjølv om det på overflata kanskje ikkje ser sånn ut. Vi skal no i gang med spinning av bærekablane, seier Søvik.

Bærekablane består av 10 032 ståltrådar med ein diameter på 5,3 millimeter.

Trådane blir bunta saman i 19 kabelbuntar som tilsaman utgjer bærekabelen.

Den blir 60 centimeter i diameter.

Hardangerbrua framdriftsplan

Framdriftsplan Hardangerbrua

Oppstart

Våren 2009

Veg og tunnel

2009-2010

Tårn og forankring

2009-2011

Catwalk

Aug/sept. 2011

Kabelspinning

Sept/des. 2011

Avstivingsberar

Mai 2012

Ferdiggjering stål

2012-2013

Elektro

2012-2013

Kompletteringsarbeid

2011-2013

Opning

2013

Ekspander/minimer faktaboks

Prosjektet som «har alt»

Han seier denne brua har «alt» innanfor brubyggingskunsten, også tunnelarbeid, fordi vegen går rett inn i fjellet på begge sider av fjorden.

Bygginga av Hardangerbrua har pågått sidan våren 2009.

Øivind L. Søvik

PROSJEKTLEIAR: Øivind L. Søvik i Statens vegvesen er prosjektleiar for Hardangerbrua.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Arbeidet har gått veldig bra så langt. Ei stor utfordring har vore at vi har tre hovudentreprenørar, som har vore avhengige av at dei enkelte blei ferdige med sitt arbeid før dei andre kunne koma i gang, men dette har stort sett gått bra, seier Søvik.

Brua består av delar frå store delar av verda. Blant anna blir sjølve kjørebanen produsert i Kina.

Den første bruseksjonen er ferdig, og planen er at seksjonane blir sendt samla med ein båt til Hardanger til våren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Avsluttar bru og yrkesliv samtidig

– Bruopninga er planlagt til 1. juni 2013, og det målet har vi framleis, seier Søvik.

– Korleis blir det?

– Vi ser jo fram til opninga. For meg blir det også eit punktum for yrkeskarrieren, og det blir eit skikkeleg punktum, seier han.

Les meir om prosjektet på nettsidene til Statens vegvesen.

Les også: Mastemotstandarar jublar for «monsterbrua» i Hardanger

Hardangerbrua

ORANSJE KANT: Den første av seksjonane som skal bli kjørebanen på Hardangerbrua er ferdig hos leverandøren i Kina. Kanten på seksjonane blir malt oransje.

Foto: Jan Ove Nygård, Statens vegvesen