Hopp til innhold

Tretten dyr døydde i slaktebilvelt

Slaktebil med kyr og sauer køyrde utfor vegen og velta i Masfjorden.

Dyr i veien i Masfjorden

FLEIRE DYR DØDE: Føraren av slaktebilen er uskadd, men fleire av dyra måtte bøte med livet etter velten.

Foto: Magne Sleire

To storfe og elleve sauer måtte slaktast, då ein slaktebil køyrde utfor vegen og velta i Rambjørgsvika i Masfjorden i dag.

– Dette er ikkje kjekt i det heile. Men det viktigaste er at det gjekk bra med sjåføren og det gjorde det heldigvis, seier Inge Fatland, teknisk leiar i Fatland Ølen AS.

Alle dyra er no lasta inn i ein ny slaktebil og blir transportert til Ølen.

– Dette er ei forferdeleg påkjenning for sjåføren. Det er eit mareritt å velta med dyr inni, seier Fatland.

Fylkesveg 750 vart tidlegare stengt forbi ulykkesstaden, men er no opna.

Fleire dyr sat fast i bilen

– Føraren skal vere uskadd, men det var dyr inne i bilen, både sauer og kyr. Nokre av dei har komme seg ut, men fleire sit fast inne i bilen, fortalde operasjonsleiar i politiet Frode Kolltveit tidlegare i dag.

Politiet fortalde då at det var avliva ein okse, men at det kunne bli aktuelt å avlive fleire.

Dyrlege og bergingsbil vart varsla.

70 dyr i bilen

Slaktebil velta i Masfjorden

VELT: Slaktebilen skal ha treft ein fjellvegg før han hamna på sida.

Foto: Magne Sleire

Fleire privatpersonar og politipatrulje hjelpte til med å berge ut dyra.

– Totalt skal det ha vore ti storfe og 60 sauer i bilen. Dei fleste dyra er kome ut, og det er no om lag ti dyr igjen inne i bilen, sa Kolltveit.

– Førar av bilen er slaktar, og har det nødvendige utstyret med seg. Viltnemnda er også på staden. Naudslaktar er varsla, men dei var tre timar unna, så det tek for lang tid. Me har bedt dei som er på staden om å ta ei vurdering og slakte dei dyra som der er nødvendig å avlive, fortalde operasjonsleiaren.

Ny dyrebil var på veg for å ta med seg dei dyra som hadde kome ut.

– Fleire sauar blei klemt til døde

Dyr i veien i Masfjorden
Foto: Magne Sleire

NRKs frilansar på staden, Magne Sleire, fortel at det såg ut til at slaktebilen hadde tatt borti ein bergvegg, før den hadde velta.

Han fortel at fleire sauar var døde.

– Dei låg fastklemde etter velten, seier han.

Sleire bur i området, og fortel at det for kring 20 år sidan skjedde eit liknande velt med dyretransport i den krappe svingen i Rambjørgsvika.

– Det skjedde på nøyaktig same staden, fortel han.