Hopp til innhold

– Kvifor ikkje berre kalla det billett?

Forbrukerrådet meiner busselskapa har gjort det svært vanskeleg å gjera noko så enkelt som å kjøpa ein bussbillett.

Busselskapa i fleire av dei store byane er altfor dårlege til å informera på haldeplassane. Det slår Forbrukarrådet fast etter ny gransking.

TOMME VINDAUGE: Mange busshaldeplassar i Bergen manglar informasjon om reisetider og billettprisar.

Pia Kleppe Marken

DÅRLEG INFORMASJON: Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet meiner at informasjonen på busshaldeplassane er for dårleg.

Foto: CF Wesenberg - Kolonihaven.no

Forbrukarrådet har testa kollektivtilbodet i alle dei store byane i Noreg.

– Her kunne det ha vore mykje god informasjon, men veggane står tomme, seier Pia Kleppe Marken, regiondirektør i Forbrukarrådet, medan ho peiker på dei nakne glasveggane på busshaldeplassen i Olav Kyrres gate i Bergen.

Busshaldeplassen er ein av dei travlaste på- og avstigingsstadane i byen. Likevel manglar vesentleg informasjon, ifølgje ei ny undersøking.

– Her er det ingen informasjon om kvar ein kan kjøpe billett, kor mykje billettane kostar eller at prisen er høgare om ein kjøper billettane på bussen enn på førehand, seier Marken.

  • Kva meiner du busselskapa bør gjera betre? Skriv i kommentarfeltet nedst i artikkelen.

Oslo og Trondheim på topp

Dårleg bussinformasjon

NULL INFORMASJON: Denne busshaldeplassen i Bergen sentrum er eitt av mange døme på mangelfull informasjon, meiner Forbrukarrådet det burde vore informasjon til dei reisande.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

– Oslo og Trondheim kom ut av det med eit godt totalinntrykk, Bergen har eit blanda totalinntrykk, medan Stavanger gav eit dårleg totalinntrykk, seier Marken, som legg til at føremålet med undersøkinga ikkje var ei rangering av dei ulike kollektivselskapa.

Alle byane har sine utfordringar, men også i Bergen er det mykje som er bra.

– Særleg Bybanen fungerer bra, på grunn av god informasjon om korleis ein kan kjøpe billettar. Samstundes meiner vi at det skal vere like lett å kjøpe billett uansett kvar du reiser frå. No får ein veldig lite informasjon når ein reiser med buss, men veldig god informasjon om ein reiser med Bybanen, meiner Marken.

Poengfordeling etter undersøkinga

 

Moglegheiter for kjøp

Informasjon om pris på haldeplass

Informasjon om bord

Informasjon om billettkjøp med mobil

Språkbruk

Automat

Totalinntrykk

Oslo Ruter

***

**

***

**

***

*

Godt

Bergen Skyss

***

*

**

**

*

**

Blandet

Stavanger Kolombus

*

*

**

*

**

-

Dårlig

Trondheim AtB

***

***

*

***

**

***

Godt

RANGERING: Tre stjerner er det beste ein kan oppnå. Fleire byar får berre ei stjerne i nokre av kategoriane.

– Ikkje akseptabelt

I rapporten etter undersøkinga slår Forbrukarrådet fast at informasjonen om prisar og korleis ein skaffar billett, ikkje er god nok. Av dei fire testbyane er det berre Trondheim som får tre av tre stjerner når det gjeld informasjon om pris på haldeplassane.

At kollektivselskapa tek ekstra betalt for billettar kjøpt om bord, utan å informere om det på haldeplassane, vert i rapporten beskrive som «ikkje akseptabelt».

Samstundes peiker regiondirektøren på at det finst mykje god informasjon på internett.

Monica Melheim om Skyss

ØNSKJER MEIR INFO: Monica Melheim er blant passasjerane som ønskjer meir informasjon.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Men du må ha til dømes ein mobiltelefon for å få tilgang til informasjonen som ligg der. Dersom du ikkje har moglegheit til å lese det før du går på bussen, får du ikkje informasjonen du treng. Det fører til at ein må spørje bussjåføren. Då tek det lengre tid å komme seg inn på bussen, og bussen kan bli forseinka, seier ho.

Monica Melheim er blant passasjerane som ønskjer meir informasjon på busshaldeplassane.

– Eg tykkjer at det er dårleg. Det er ikkje alle som har internett på mobilen, seier ho.

Likevel vil ikkje Forbrukarrådet gje strykkarakter til kollektivselskapet Skyss i Bergen.

– Skyss er flinke til å ta imot innspel, så vi skal ikkje gje dei noko stryk, vi skal heller gje innspel, og det har vi gjort.

– Har laga eit «stammespråk»

Når ein skal kjøpe billettar i automatane til Skyss, blir ein møtt av ord som «skysskort» og «enkeltskyss».

– Det kan vere vanskeleg å vite kva «enkeltskyss» er, dersom du ikkje reiser så ofte med kollektivtransport i Hordaland. Det blir også vanskelegare når andre byar bruker heilt andre namn på dei ulike reiseprodukta, seier regiondirektøren.

Andre selskap brukar ofte ordet «enkeltbillett», men Skyss har valt å utvikle eigne ord.

– Ein har laga eit «stammespråk», meiner Marken.

Også andre busselskap får kjeft for stammespråk i rapporten etter granskinga.

– Ein kan spørja seg om det er mest til intern nytte blant leverandøren av transporttenester eller til nytte for kundane at ein brukar ord som «reiseprodukt» i staden for «billettar og prisar», som er namnet på Ruter si brosjyre om billettar, skriv Forbrukarrådet.

Pia Kleppe Marken busshaldeplass

TOMME VEGGAR: Veggane på busshaldeplassane manglar informasjon, meiner Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

Skyss lovar betring

Marknadssjef i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø, kjenner til kritikken mot kollektivselskapet. Ho fortel at Skyss no arbeider for å betre informasjonen.

– Vi har som mål at endå fleire enn i dag skal reise kollektivt. For å nå målet, vil vi at det skal vere enkelt å finne informasjon om det å reise. Difor har vi byrja å jobbe med å betre informasjonen på busshaldeplassane, seier ho.

Marknadssjefen var allereie før rapporten klar over at mange var misnøgde med informasjonen i på busshaldeplassane. Det har dei fått beskjed om gjennom tilbakemeldingar frå kundar. No lovar ho betre informasjon.

Målfrid Vik Sønstabø i Skyss

LOVAR BETRING: Marknadssjef i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.

Foto: André Marton Pedersen / NRK

– Dette skal vi gjere noko med, seier Sønstabø.

Ho lovar også at ein billett igjen skal heita billett.

Men busspassasjerane må vera tolmodige, for det kan ta opptil eit år å få alle forbetringane på plass.

– Skyss har mange utsalsstader

Pia Kleppe Marken i Forbrukarrådet håper informasjonen betrar seg i framtida.

– Det er dumt at informasjonen er så dårleg, for Skyss har veldig mange utsalsstader for billettane sine, seier ho, og viser til at kundane går glipp av dei mange moglegheitene på grunn av dårleg informasjon.

Ein kan mellom anna kjøpe billett på Skyss sine kontor, i automat på buss- og bybanestopp og via mobil-app.

– Konklusjonen er at det burde vore betre informasjon om billettprisar, og kvar ein kan kjøpe billett, seier Marken.

  • Kva meiner du busselskapa bør gjera betre? Skriv gjerne i kommentarfeltet nedanfor.