Hopp til innhold

Skuffa og sjokkert over naboen

Os-ordførar Terje Søviknes kallar kollegaen i Fusa for uærleg, etter at ei samanslåing mellom naboane gjekk i vasken.

Terje Søviknes

INGEN TEIKN: Ordføraren i Os, Terje Søviknes, fortel at dei gode forhandlingane aldri har vist teikn til at nabo-ordføraren plutseleg ville trekka seg frå ei samanslåing.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

På eit gruppemøte onsdag kveld sikra Fusa-ordførar Atle Kvåle (Ap) seg fleirtal, og sa nei til ein intensjonsavtale om kommunesamanslåing med Os og Tysnes.

Kommunane har lenge snakka om å slå seg saman til Bjørnefjord kommune, men no er det bråstogg i forhandlingane.

– Eg reagerer i sjokk og er frykteleg skuffa over måten ein har handtert dette på i Fusa, seier ordførar i Os, Terje Søviknes.

Det var Os og Fusaposten som omtalte saka først.

Ingen signal om avslag

Ordførarane i Os og Fusa snakka saman rett etter gruppemøtet i Fusa onsdag.

Søviknes hevdar at Kvåle fortalde at prosessen med intensjonsavtalen skulle gå vidare under samtalen.

Seinare same kveld, les Søviknes i lokalavisa at Fusa-ordføraren avslår ei samanslåing mellom kommunane.

– At han plutseleg rykker ut etter eit gruppemøte, og seier at det er full stopp i heile prosessen, kom overraskande. Det var mildt sagt veldig skuffande.

Ordførarane i både Os og Fusa fortel om gode forhandlingar. Søviknes fortel at han aldri såg aldri teikn til at nabo-ordføraren plutseleg skulle trekka seg.

Atle Kvåle

IKKJE FRIVILLIG: Fusa-ordførar Atle Kvåle vil ikkje kalla samanslåinga med Os og Tysnes frivillig når dei økonomiske avgrensingane stadig blir avgrensa, og fortel at dette er ein viktig årsak til avslaget.

Foto: Runa Victoria Engen

– Tvang

Fusa-ordføraren kallar bakteppet for avslaget om kommunesamanslåing eit råkøyr frå regjeringa si side.

– På fint heiter det frivillig samanslåing, men når dei økonomiske rammene i vårt tilfelle stadig blir avgrensa, og Fusa kommune kom til å tapa 3,1 millionar, føler me ikkje at det ligg noko frivillig i den innskrenkinga, seier Kvåle.

– Me vil gå vidare åleine som Fusa kommune, presiserer Ap-ordføraren.

Fusa-politikararar blei veldig provoserte, og definerer dette som tvang, og det aksepterer vi ikkje.

Fusa-ordførar Atle Kvåle

I valkampen og gjennom heile prosessen har Fusa-ordføraren uttrykka skepsis til måten kommunereforma har blitt handtert frå regjeringa si side. Dei avgrensa økonomiske avgrensingane ein viktig årsak til avslaget.

– Fusa-politikarar blei veldig provoserte, og definerer dette som tvang, og det aksepterer me ikkje.

Samanslåing uviktig

Med eit veksande folketal trur Os-ordføraren at kommunen skal klara seg fint utan samanslåing.

– For vår del har ikkje samanslåing vore spesielt viktig. Me er ein kommune i sterk vekst, og har 20.000 innbyggjarar allereie i dag. Me vil klare oss godt i framtida uansett, fortel Søviknes.

– Korleis blir prosessen vidare for Os kommune?

– Vi må opptre profesjonelt og gjennomføre prosessen som planlagt. Det kjem fleire rundar i kommunereforma, og fylkesmannen skal sei sitt i oktober. Regjeringa og stortinget skal legga fram konklusjonen neste vår, og då må me ha gjort jobben vår fram til fristen 1. juli.

Fredag er det møte i styringsgruppa kor avgjerda om ei samanslåing frå Fusa si side blir formelt vedteke. I tillegg blir det kanskje halde eit ekstraordinært kommunestyremøte 18. mai.

– Men slik det er per i dag, er det ikkje fleirtal for å gå vidare med intensjonsavtalen, avsluttar Fusa-ordførar Atle Kvåle.