Hopp til innhold

Skjelbreid: – Posisjonar viktigare enn prestasjonar i Brann

Liv Grete Skjelbreid forklarer kvifor ho trekte seg som styremedlem i Brann under skandalemøtet i går kveld.

Liv Grete Skjelbreid ankommer styremøte i Brann

FORKLARER KVIFOR HO TRAKK SEG: – Det er større fokus på posisjon fram prestasjon i Brann, seier Liv Grete Skjelbreid som i går trakk seg som styremedlem i klubben. Her frå eit styremøte på Stadion i haust.

Foto: Sindre Helgheim / NRK

Skjellsorda hagla under årsmøtet i Brann i går kveld, då Kjell Tennfjord gjekk av som styreleiar kort tid etter at han vart vald. Frå talarstolen informerte han også det rekordstore oppmøte om at Tom Georg Olsen, Arild Christiansen og Liv Grete Skjelbreid ville gjera det same.

LES OGSÅ: – Dette topper nedrykket

Olsen og Christiansen var nye i styret, medan Skjelbreid var ein av to styremedlemmar som fekk fornya tillit av valkomiteen etter nedrykket førre sesong.

– Posisjonar viktigare enn prestasjonar

Til NRK forklarar Skjelbreid kvifor ho trekte seg i går.

– Først og fremst takka eg ja til styreposisjon i Brann fordi det er klubben eg har aller sterkast i hjartet. Eg ville vera med å betra den prestasjonskulturen som var der.

LES OGSÅ: Vil bidra til en prestasjonskultur i Brann

– Kvifor kunne du ikkje vera med å betra den no?

– Erfaringsmessig så er det ein større posisjonsorientering enn det er ein prestasjonsorientert i Brann. Det er ikkje eg så vand med. Det siste året føler eg kanskje at eg ikkje har fått gjort ein god nok jobb, slik eg skulle ønska eg kunne gjort, svarar Skjelbreid.

– Har ikkje noko personleg med Åshild å gjera

Den tidlegare skiskyttardronninga vil ikkje forklara nærmare kva ho legg i at det er ein større posisjonsorientering i klubben.

– Eg er atskilleg betre på prestasjonsorientering og kva som skal til for å oppnå eit godt resultat. Det er der eg har mi sterke side.

Tennfjord forklarte i går at han trakk seg fordi medlemmane valde inn supporterrepresentant Åshild Samnøy i styret framfor Nina Sandnes. Tennfjord ønska å ha med Sandnes på grunn av hennar juridiske kompetanse.

LES OGSÅ: NHH-professor: – Det er prinsipielt galt med supportere i styret | Tennfjord: – Jeg er oppriktig lei meg

På spørsmål om kva valet av Samnøy hadde å sei for at Skjelbreid også trakk seg i går, svarar ho:

– Det har ikkje noko personleg med Åshild å gjera i det heile tatt.

– Ingen kommentar

– Eg forstår at det er mange reaksjonar, for det blir det uansett kva du gjer og kva du meiner i ein klubb som Brann. Å få jobba i fred og ro over tid, det er viktig for meg.

– Men føler du at har vore med å bidra til ei splitting i klubben?

– Det har eg ingen kommentar til.

– Viss valkomiteen si innstilling hadde gått gjennom, hadde du då blitt sitjande i styret?

– Det har eg ingen kommentar til.