Hopp til innhold

Skal hindre dødsulykker på E16

E16 mellom Bergen og Voss er blitt ein dødsveg. No skal vegvesenet prøva å få ned talet på ulykker.

Kollisjon mellom buss og personbil

Dødsulykka i går kosta to mennesker livet.

Foto: Arnstein Karlsen

I går ettermiddag omkom to personar då ein buss og ein personbil kolliderte .

Politiet har i ettermiddag offentleggjort namna på dei to omkomne. Dei omkomne er ekteparet Liv Hilde Ernstsen (51 år) og Geir Ernstsen (58 år) frå Fana i Bergen.

Mange har mista livet

NRK har i dag henta inn ulykkestal frå Statens vegvesen som viser at det har vore svært mange ulykker på E16 frå Bergen til grensa mot Sogn og Fjordane sidan 1990.

Tala er dystre:

  • 52 har mista livet
  • 23 blei svært alvorleg skadde
  • 135 blei alvorleg skadde

Statistikken viser at over halvparten av dei omkomne mista livet i møteulykker.

Les meir: Kvinne (20) omkom i krasj på E16 | Dødsulukke på E16 | 81-åring døde i kraftig kollisjon | Atle Jebsen omkom i ulykke

Skal finna strakstiltak

Olav Finne

Avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen i Hordaland.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Ei gruppe i Statens vegvesen går no gjennom alle ulykker på E16 for å finna strakstiltak mot trafikkulykker på ulykkesvegen.

Gruppa skal gå systematisk gjennom alle ulykkene som har vore.

Arbeidet med den første delen av vegen, frå Trengereid i Bergen og gjennom Vaksdal kommune, starta i mars og skal vera ferdig i november. Deretter skal gruppa sjå på strekninga vidare mot Voss.

Avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen i Hordaland seier utviklinga har vore dårleg på denne vegen dei siste åra, og at dei difor vil prøva å redusera talet på ulykker.

– Det har vore fem omkomne så langt i år, og det er altfor mykje, seier Finne.

Tiltak mot møteulykker

– Vi ser at det er mange møteulykker. Det vil truleg bli snakk om tiltak som rettar seg mot å redusera møteulykkene, seier Finne.

Betre markering av midtlinja og redusert fartsgrense er blant dei aktuelle strakstiltaka. Dei enklaste tiltaka kan setjast i verk allereie frå neste år, ifølgje Finne.

– Fysisk midtdelar er ikkje så enkelt å få til på denne strekninga, og må eventuelt sjåast på i eit lengre perspektiv, seier Finne.

Han seier at trafikken på strekninga har auka mykje sidan vegen blei opna, og at dette er med på å auka faren for møteulykker.