Hopp til innhold

Skal det vera ei menneskemast?

Det er ikkje monstermaster alt som ruver. No kan ein òg få kraftlinjer med sjel.

Kreative kraftlinjer

Desse mastene var eit av forslaga til ein islandsk kraftlinjekonkurranse.

Foto: Choi+Shine

Ordet "monstermaster" har vorte allemannseige dei siste vekene. Ordet, som er skapt av aksjonistane mot kraftlinjer i Hardanger, har tidlegare fått ein god porsjon av æra for det suksessrike aksjonsarbeidet som mellom anna har ført til at regjeringa ville ha ei ny vurdering av sjøkabel.

LES ÒG: – Dumme journalister

Men no kan ein få kraftlinjer med sjel, eller i alle fall med eit visst menneskeleg preg, skriv Teknisk Ukeblad .

Det islandske svaret på Statnett, Landsnet, utlyste i 2008 ein konkurranse om å designe kraftmaster som skulle passe betre inn i landskapet enn vanlege master.

Menneskemaster

Og mellom alle forslaga som kom inn, var det eitt forslag som sto ut som noko meir kreativt. Frå det amerikanske arkitektbyrået Choi+Shine Architects fekk dei eit forslag som nesten ville gi kraftmastene sjel.

Dei foreslo å gå vekk frå dei klassiske t-mastene, og byggje mastene nærast som statuer i landskapet.

– Desse ikoniske tårnfigurane vil verte monumenter i landskapet. Å sjå tårnfigurane vil verte ei minneverdig oppleving som løfter tårna til noko mer enn berre eit naudsynt, funksjonelt design, skriv Choi+Shine i prosjektpresentasjonen .

Kreative kraftlinjer

Stålkjempar i naturen.

Foto: Choi+Shine

KUNNE DETTE VORE NOKO FOR HARDANGER? KØYR DEBATT NEDST I SAKA!

Forskjellige profilar

Kvar mast, som skal vera enkle og billege å produsere, skal kunne designast individuelt.

Kreative kraftlinjer

Mastene kan byggjast i serie med ymse profilar.

Foto: Choi+Shine

– Der kraftlinjene klatrer over ein bakketopp, endrer tårnfigurane haldning og imiterer ein klatrande person. Over lange strekk løfter tårnfigurane seg for å auke høgden, og kryp saman for auka styrke eller slit under vekta av kablane, skriv Choi+Shine.

Det høyrer med til historia at Choi+Shine ikkje vann den islandske konkurransen, men fekk hederleg omtale av juryen.