Hopp til innhold

14 år med bompengar startar i dag

I dag byrjar bompengeinnkrevjinga for vegprosjektet Askøypakken. Over 85 prosent av vegbygginga, 1120 millionar kroner, skal betalast av bilistar.

Stongafjellstunnelen

BOMSTASJON: Her ved Stongafjellstunnelen på Fv. 562, startar bompengeinnkrevjinga i dag.

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

Store deler av Askøy kommune har i dag vegar med berre eit felt og låg standard. Med Askøypakken skal dette bøtast på: Seks ulike strekningar skal pussast opp for 1,33 milliardar kroner.

BAKGRUNN: Her må du betale bompenger i 14 år

Veg på Askøy

BYGGAST OM: Mange viktige vegar på Askøy har i dag eit felt og låg standard. På fylkesveg 563 mellom Hop og Strømsnes skal tre smale bruer bli erstatte av ny veg.

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

Over 85 prosent av vegbygginga, 1120 millionar kroner, skal betalast med bompengar, og i dag startar 14 år med bompengeinnkrevjing på Askøy.

Dei fire bomstasjonane hadde varaordførar Roald Stenseide frå Frp helst sett seg utan. Han hadde håpa innbyggarane sjølv fekk bestemme gjennom folkeavstemming.

– Me meiner prinsipielt at folket burde fått avgjort om me skulle hatt bompengar eller ikkje. No må me berre akseptere dette, det er ein del av demokratiet. Men me beklagar sterkt at me ikkje fekk ei folkeavstemming.

22,50 kroner per passering

Askøybroen er snart nedbetalt.

NEDBETALT: Sist askøyværingane betalte bompengar var for Askøybroen. Den blei opna i 1992 og nedbetalt i 2006.

Foto: Hansen, Helge / SCANPIX

Det vil altså ta fjorten år før vegbygginga er nedbetalt. Per passering må bilistar bu seg på å betale følgjande per passering:

• 22, 50,- for bilar utan AutoPASS.
• 18,- for bilarm ved teikning av avtale med 20 prosent rabatt på Askøypakken.
• Bilistar som har avtalar andre plassar, for eksempel i bompengeringen i Bergen må betale 20,25 kroner.
• Tyngre køyretøy må betale 36,- med avtale, og 45,- utan brikke.

Passerer du bomstasjonar meir enn 30 gonger i månaden, er det gratis frå den 31. passeringa. Elles gjelder timesregelen, som betyr at du ikkje blir belasta med meir enn ein passering i timen.

Fire nye bomstasjonar

Varaordføraren meiner debatten på Askøy stort sett har dreia seg om kvar bomstasjonane skulle stå, ikkje så mykje om prisen.

Ny bomstasjon på Askøy

HER BLIR DET BOMPENGAR: Her ved Stongafjellstunnelen kjem ein av fire bomstasjonar. Pris per passering blir på 22,50 kroner.

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

– Det forstår eg. Det er viktig at desse blir plasserte slik at nytteverdien blir riktig, når dei fyrst kjem. Det kan ikkje vere slik at nokon betalar og andre ikkje, seier Stenseide.

Her er dei nye bomstasjonane:

Fv. 563, rampe frå Kleppestø inn mot Askøybroen.
Fv. 563, Florvågvegen, innkrevjing mot vest.
Fv. 562, nord for Stongafjellstunnelen (innkrevjing mot sør)
Fv. 562, nord for kryss ved Kleppevegen (innkrevjing mot sør)