Hopp til innhold

Sjå KnarvikMila 2014 frå lufta

I år blei eit av Noregs største mosjonsløp, KnarvikMila, arrangert for 32. gong. Her kan du følgje fleire av løpa frå lufta med drone.

Sjå KnarvikMila frå lufta. Foto/redigering: Digital Creations AS

KNARVIKMILA FRÅ LUFTA: Her kan du sjå Knøttemila, Minimila og NM i halvmaraton frå lufta. Kanskje ser du att deg sjølv blant løparane? Foto/redigering: Digital Creations AS.

Du kan springe eller gå, bratt eller slakt, ei halv mil eller eit halvmaraton. Noregs største mosjonsløp, KnarvikMila, blir arrangert denne veka, og der er det rom for meir enn berre dei aller yngste og sprekaste.

– Den eldste som har vore med var ei dame på 95 år. Ho småjogga og gjekk fem kilometer for nokre år sidan. Det enda med at politiet kom og ville ta ho med seg, fordi dei trudde ho hadde rømt frå ein gamleheim, fortel Helge Brekke.

Han er eldsjela som starta opp KnarvikMila i 1982. Sidan den gong har tusenvis av føter sprunge langs vegar og på bane i Knarvik ei veke kvar haust. I år vert mosjonsløpet arrangert for 32. gong.

LES OGSÅ: Han har vært med siden begynnelsen

NM i Halvmaraton

I dag kan løparar i alle klassar bryne seg på fem kilometersløp, ti kilometersløp og naturløype i skogen. I går blei NM i Halvmaraton arrangert under KnarvikMila. Her er topplasseringane:

Kvinneklassen:

1. Marthe Katrine Myhre, Vidar 1.19.07.

2. Elise Selvikvåg Molvik, Stavanger 1.20.01.

3. Rebacca Louise Hilland, Bergen 1.23.15.

Herreklassen:

1. Ørjan Grønnevig, Stavanger 1.07.36.

2. Dadafo Dhaqabi, Vidar 1.07.38.

3. Frew Zenebe Brkineh, Sandnes 1.07.49.

(Artikkelen held fram under biletet)

Målgang Knarvikmila

I MÅL: Biletet er tatt frå drone under innspurten av halvmaratonen under KnarvikMila i dag.

Foto: Digital Creations AS

Kan gå mot deltakarrekord

Namnet lyg noko, for KnarvikMila er meir enn ei mil. Det går føre seg ei heil veke frå 30. august til 7. september, og omfattar både konferansar, barneløp, ungdomsløp, naturløype, og asfaltløp som går over 5 km, 10 km, og halvmaraton.

– I år har me hatt mange hundre på kvart arrangement. På Knøttemila deltok 1380 barn, på halvmaratonen var det 600 påmelde, og på ungdomsløpet sprang tett opp mot 2000 ungdomar frå heile Hordaland, fortel Brekke.

– Me må vente og sjå om det går mot deltakarrekord, men det ser i alle fall veldig lovande ut, sa Brekke til NRK i går.

LES OGSÅ: – Det mest profesjonelle Knarvikmila noensinne

LES OGSÅ: Løp Knarvikmila – på bare foten

Har bidrege med 8 millionar

KnarvikMila blir arrangert av friidrettsklubben FIL-AKS 77, og mange hundre frivillige er med på å dra lasset kvart år.

– Målet er å skape noko i nærmiljøet. Eg er frå Vik i Sogn og er vanen med ein stor dugnadsinnsats. Det har sete i meg. Så me prøver å få til eit arrangement som kan gjere området til ein betre stad å vekse opp for barn og unge.

Og dugnadsinnsatsen er ikkje berre synleg gjennom den eine veka i september. Gjennom 32 år har arrangørane samla inn 8 millionar kroner, som dei har gitt vidare til lag og organisasjonar i nærområdet. Alt går til arbeid med å styrke oppvekstmiljøet for dei yngste.

Helge Brekke på Knarvik Stadion

LEIAR MILA: Helge Brekke var med på å starte opp KnarvikMila i 1982. No er mosjonsløpet eit av Noregs største.

Foto: Roy Hilmar Svendsen