Hopp til innhold

Sjå Frode Grytten sin hyllest til Høgskulen

I si eiga studietid oppheldt Frode Grytten seg i slitne korridorar og gamle bygningar. Her kan du høyre forfattarens song til det nye høgskulebygget i Bergen.

Måndag 22. september opna Campus Kronstad, og Frode Grytten framførte ein tekst om bygget.

TIL BYGGET: Saman med musikarane Pedro Carmona Alvarez, Ole Amund Gjersvik, Ivar Thormodsæther, Michael Barnes og Einar Sogstad, framførte Grytten for fyrste gong i går teksten skriven til det nye høgskulebygget, Campus Kronstad.

«1800 dører, minst ei av dei kjem du til å møte deg sjølv i», skriv Grytten. Til tonane av Tom Waits «Come on up to the house», leikar han seg med tanken på kva som kan komme til å gå føre seg i det nye høgskulebygget i Bergen, Campus Kronstad.

Bygget har no opna dørene for om lag 7000 studentar og 700 tilsette. Sjølv opplevde han meir usle kår i si eiga studietid på Universitetet på Nygåpårdshøgden.

– Det var jo noko heilt anna. Det var ikkje så fint der, for å seie det sånn. Eg er litt misunneleg på dei som får vere i så fine bygg som dette.

LES OGSÅ: – Skal bli godt å skrive langt igjen

– Om det å vere saman med andre

Frode Grytten

SONG TIL HØGSKULEN: Frode Grytten framførte i går ein tekst skriven til det nye høgskulebygget på Kronstad i Bergen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

At teksten blei lese til Tom Waits låten er sjølvsagt ikkje tilfeldig.

– Det var ein god låt å lese teksten til. Den handlar jo om kjensla ein kan få av å vere samla i eit hus saman med andre.

– Det finst noko kollektivt og samlande i det å vere saman på den måten. Dette gjennomsyrar òg Waits-låten. Det er noko gledeleg eller positivt der, sjølv om livet kan vere vanskeleg og trist.

Det er øyeblikka du kan vere saman med andre som gjer det verdt det.

Frode Grytten

Saman med musikarane Pedro Carmona Alvarez, Ole Amund Gjersvik, Ivar Thormodsæther, Michael Barnes og Einar Sogstad, framførte Grytten i går teksten for fyrste gong på Campus Kronstad.

Som i Waits låt handlar teksten om stundene der ein er saman med andre inne i eit hus.

– Det er jo stundene du kan vere saman med andre som gjer det verdt det, seier Grytten.

LES OGSÅ: Grytten laget teater av John Olav Nilsen

– Det er folk som bestemmer kva eit bygg skal bli

I Gryttens tekst fantaserer han om kva liv som kjem til å utspele seg inne på den nye høgskulen, med frasar som «kyss prorektor på kinnet», og «me har god bruk for deg».

Dei som skal bruke bygget må no finne ut kva det skal vere, meiner Grytten.

– Ein må jo finne ut kva det bygget er for noko. Til sjuande og sist er det det menneskelege i eit bygg som er det viktige. Her er ei fin ramme rundt det menneskelege, men det er ikkje alt. Det er folk som bestemmer kva bygget blir.

SJÅ VIDEO AV OPNINGSTALEN TIL MONICA MÆLAND:

Monica Mæland opna Campus Kronstad i Bergen.