Hopp til innhold

Ei lang vekes ferd mot aust

Kvar går vegen frå Bergen til fots austover? Og kor langt kjem ein på ei lita veke? Bli med våre reportarar på ei annleis reportasjereise!

Målet til reporter Oddgeir Øystese og fotograf Andre Marton Pedersen var å nå Ulvik ein gong på fredag. Dei aldri gått ein så lang tur før, og før turen starta var det meldt dårleg vêr. Dei var særs usikre på kor langt aust i fylket dei ville koma på fem dagar.

– Då eg planla turen, var det alltid med tanke på fint ver og idylliske fjellvatn. Regn og bratte bakker vil komme uventa, seier Oddgeir Øystese.

Første etappe frå Torgallmenningen til Gullbotn gjekk Oddgeir og Andre 17. og 18. juli, som du kan sjå video frå under. Allereie då fekk Øystese merka at regn og bratte bakkar er sentrale element på ein slik tur...

Oddgeir Øystese forklarar turprosjektet.

GÅR MOT AUST: Oddgeir Øystese og kameramann André Marton Pedersen skal gå i fem dagar til Ulvik.

«Ferdamennturen» kunne ein følgje på NRK.no denne veka. I tillegg kan du sjå 3D-kart og lese oppdateringar undervegs på UT.no.

SJÅ TURSIDA: Dette er «Ferdamennturen»

DAG 1: Bergen - Gullfjellet i tåka

Robin Dale Oen vert med det første stykket. Han gjev råd om motivasjon og turglede

Robin Dale Oen vert med det første stykket. Han gjev råd om motivasjon og turglede.

Ikkje undervurder Byfjella! Eller Gullfjellet! Det vart ein særs hard etappe. Då vi tippa over Borgaskaret på nesten 600 meter byrja det å regne. Det fortsatte til vi nådde Gullbotn nesten eit døgn seinare.

Opp mot Gullfjellstoppen var tåka så tett at vi hadde problemer med å sjå frå varde til varde i rekka opp mot den høgaste toppen i Bergen. Og vi fekk aldri utsikt som belønning for slitet.

Første etappe var og for å teste form og utstyr. Vi lærte eit par ting. Å gå i regn er noko heilt anna enn å gå i fint ver. Det set store krav til pakking og utstyr. Og til tette støvlar. Vi må kan ikkje gå rundt våte i fem døgn.

Og så tek ting tid. Særleg å gå opp og ned. Særleg på sleipe stier i regnet. Vi er litt i tvil om det vi kjem til å nå Ulvik.

DAG 2: Gullfjellet - Bogaskaret

Du veit den draumen der du spring og spring, men kjem ikkje avgarde? Det er som du står i sirup? Om du gjer det veit du litt om korleis Ferdamennene hadde det på tur i dag. Belønningen for ein full dag i styrtregnet var berre under 17 kilometer og telting langt frå der vi vona å nå. No heng målet om hytta Vending neste natt i ein tynn tråd.

Å gå uten sti er ikkje å anbefale. Myr og mose, skodde og stupbratte lier. Utslitte og kalde måtte vi slå leir på fjellet ved Bogaskaret i Vaksdal ein time før planlagt. I morgon må vegen vere meir effektiv og vêret mildare. Ellers vert dette ei litt for tøff veke...

Det går treigt for Ferdamennene. Dei kavar utan sti i det dårlege vêret.

Det går treigt for ferdamennene. Dei kavar utan sti i det dårlege vêret.

DAG 3: Bogaskaret - Kjerringdalen

Etter ein søkkvåt natt i telt, fortel Oddgeir og Andre at motivasjonen ikke er heilt på topp. Dei ligg bak skjemaet, men starta tidleg tirsdag morgon for å ta igjen det tapte.

– Vi må gå 22 kilometer i dag for å kome til hytta på Vending. Det trengs, for vi har mykje vått tøy som må tørkast, seier Oddgeir.

– Korleis er det med motivasjonen?

– Det hjelper veldig at veret skal bli betre, seier han.

– Og så syng vi litt. Eg er veldig glad i «Bærer du en gammel drøm» av Erik Bye, fortel Andre, som dro ein strofe på direkten på NRK Hordalands morgonsending tysdag.

Nokre timar seinare var ikkje vêret blitt noko betre.

– Vi er slitne og uvêret vil ikkje gi seg, fortalde Oddgeir. Han og Andre var då på veg innover fjellet, og håpa å nå hytta på Vending ein gong på kveldinga.

– Det verste er at sekkane er mykje tyngre enn i går, fordi alt er så vått. Det bør bli fint i morgon.

Men dei to kom ikkje lenger enn til stølen i Kjerringdalen. Vel innanfor døra fekk Oddgeir hypotermi og byrja å skjelva og hakke tenner ukontrollert.

Oddgeir vert sjuk med nedkjøling, men får heldigvis raskt hjelp.

Oddgeir vert sjuk med nedkjøling, men får heldigvis raskt hjelp.

DAG 4: Kjerringdalen - Hamlagrø

– I dag tek vi det med ro. Planen er endra. Det blir ingen Ulvik-tur. Oddgeir hadde hovudverk då han vakna, så i dag går vi berre til Hamlagrø og sett opp telt der, seier Andre.

Ingunn, Øyvind og Eigil Teigland ser etter sauene i selet frå kring 1880.

Ingunn, Øyvind og Eigil Teigland ser etter sauene i selet frå kring 1880.

Vel framme ved Hamlagrøvatnet finn turkameratane roen att.

Berre bekken bruser i den stille kveld ved teltplassen i Bergsdalen. Etter dagar med grått slit har sola og fjellet smilt til oss i dag. Medan vi i går var utslitte er vi no på ny minna på gleda av å være i fjellet. Vi har gått nær 15 kilometer, men har ikkje eit mål vi må nå. Det vart ei kryssing over frå selet til Kjerringadalen, ned til Hamlagrøvatnet.

Kvar vegen går vidare veit vi ikkje heilt. Vi får ta ein dag om gangen. No vert det i alle fall middag frå primus, fager kveldsol over toppane i vest og ei natts søvn i bruset frå Nystølelvi.

Det er ingen som kan læra bekken fred og ro. Men mennesket kan finne finne kvile her ved dei høge fjell.

Etter harde dagar smiler fjellet til Ferdamennene

Etter harde dagar smiler fjellet til Ferdamennene.

DAG 5: Hamlagrø - Vending

På dag fem har Andre og Oddgeir teke seg fram frå Hamlagrø til Vending, i flott vêr med sol og varme. På Vending møter dei familien Kolstad.

– Dette er eit mykje betre alternativ enn Syden, seier dei og nyt feriedagane i fjellet.

På Vending møter dei også Egil Mollekleiv og Kirsten Tynnes. Dei har gjennomført den knallharde turen til Breidablikk.

Egil Mollekleiv (86) og Kirsten Tynnes (72) har gjennomført den knallharde turen til Breidablikk. Egil har både pacemaker og kunstig kne.

Egil Mollekleiv (83) og Kirsten Tynnes (72) har gjennomført den knallharde turen til Breidablikk. Egil har både pacemaker og kunstig kne.

DAG 6: Vending - Øystese

– Det har vore ein sjarmøretappe, seier Oddgeir. Dei har hatt ein fantastisk siste dag i fjellet, gåande mot Øystese.

– Her går eg gjerne igjen, seier Andre som er imponert over den storslåtte naturen.

På turen frå Bergen har dei hatt mange ulike opplevingar. Dei har lært mykje.

– Ein tur som dette gir oss mykje erfaring. Vi blir betre til å lese kart, og rekna kor mykje tid og mat ein treng, seier Andre.

– Noko vi angrar litt på, som vi ikkje har fått gjort, er å gå turen opp til Breidablikk på 1300 moh. Det var mange på Vending i går som tok den turen, og snakka i store ord om kva dei hadde sett der oppe, fortel Oddgeir.

Ferdamennene når Øystese etter ein særs naturskjønn siste etappe. Turen er over.

Ferdamennene når Øystese etter ein særs naturskjønn siste etappe. Turen er over.