Klokka 08.00 laurdag morgon gjekk det tredje Bergen City Marathon av stabelen. Startskotet gjekk på Bryggen i Bergen, der rekordmange hadde møtt opp til start.
På Haraldsplass diakonale sjukehus hadde dei sett opp gnagsårstasjon.
Karin Bengtson hadde kledd seg i ein sjukepleiaruniform frå 70-talet, og totalt fekk sju maratonløparar hjelp ved stasjonen.
I tillegg var fleire tilsette og frivillige møtt opp for å dele ut mat og drikke til maratonløparane og skape god stemning ved drikkestasjonen.
Nøgd arrangør
Arrangementssjef Halvdan Haukeland i Bergen City Marathon var særs nøgd med at det er fleire påmelde enn nokon gong før til årets løp.
– Vi har store forventningar! Byen skal fyllast med glade mosjonistar, og vi satsar på at dette blir den folkefesten vi ønskjer oss.
Både heil- og halvmarathon
Sjølv om dei aller sprekaste altså starta dagens løp klokka 08.00, går eit nytt startskot klokka 10.00. Då er det duka for start for dagens halvmarathon, som altså "berre" er på 21 km.
Løypekart, video, oppdatert informasjon og andre praktiske opplysningar finn du på Bergen City Marathon sine eigne sider.
Venta trafikktrøbbel
På grunn av løpet er Bryggen stengt for all trafikk mellom klokka 05.00 og klokka 15.00 laurdag.
I tillegg er fleire bussruter endra eller forseinka, og ein må rekna med endringar dersom ein skal ta buss i sentrum.
Full oversikt over ruteendringane finst på Skyss sine eigne sider.