Siste stopp for Nordstjernen

Eit stykke sjøfartshistorie er over. Torsdag la det eldste og minste hurtigruteskipet Nordstjernen til kai i Bergen for aller siste gang.

Heilt sidan 1956 har skipet gått i rute mellom Kirkenes og Bergen, og dermed er det 56 års teneste langs kysten som no er over.

  • Sjå video nederst i artikkelen!

Alt ein halvtime før anløp byrja folk å strøyme til kaia i Bergen for å ta farvel med den gamle hurtigruteveteranen. Bergen Brandkorps Musikkorps hadde tatt med seg ein brannbil laga same året som Nordstjernen, i 1956, og i same landet, Tyskland.

– Me meinte det var på sin plass å markera denne dagen, for Nordstjernen har gjort ein veldig god jobb. Det vert spesielt å sjå han koma inn saman med MS Finnmarken som no skal ta over. Då kjem nok nostalgien fram, seier Jan Ytrearne.

Førti minutt etter rute kjem dei to skipa side om side. Det minste skipet til Hurtigruten, Nordstjernen, og det største, Finnmarken, som overtar alt same kveld.

Les og: Nordstjernen for siste gong i Florø | Overrasket av orkan på sistereisen | «Nordstjernen» lagt ut for salg på nettet | NRK mønstrer på hurtigruta igjen

– Likar dei gamle best

Nordstjernen har vore meir eller mindre full sidan skipet starta sin siste tur frå Bergen for 11 dagar sidan. 84 personar har fulgt heile reisa.

– Nordstjernen betyr mykje for meg. Det var den første hurtigrutebåten eg tok, og derfor ynste eg å vera med på den siste ferda. Eg synast det er trist at ho no går ut av rute, seier ho.

Merete Blakstad har minner frå den tida Nordstjernen var ny. Ho var ti år første gangen ho gjekk om bord i hurtigruteskipet.

– Han er jo på ein måte mykje mindre no enn det eg hugsar. Eg syns desse gamle båtane er så vakre. Det er jo desse båtane som er Hurtigruten, ikkje dei nye, meiner Blakstad.

- Ei gamal dame

Kaptein Asbjørn Dalan er like gamal som Nordstjernen og har ført skipet i fem år.

– Då me klappa til kai i dag, kjende eg ei form for andakt. Eg har ikkje kjend det før, for me er jo realistar og skjønar at tida har gått i frå denne båten. Men i det var litt klump i halsen, seier han.

Han har hatt gode år på skipet.

– Arbeidsmiljøet er godt, og på Nordstjernen føler me at me er på ein båt. Det er ei gamal dame. For det meste gjer ho som ho vil, seier han.

Blir dokumentar på NRK

Journalist Helge Lyngmoe og fotograf Ola Hellnes frå NRK Nordland har fylgd båten heile vegen frå Kirkenes til Bergen. Dei ynskjer å teikna eit bilete av historia til båten, passasjerande som alltid kjem tilbake og mannskapet som har han så kjær.

– Nordstjernen er verdas eldste hurtigrute. Det er ingen andre skip som har traffikert så lenge som Nordstjernen. Den lange historia har gjort at det har brunne seg inn eit heilt spesielt forhold til han, seier Helge Lyngmoe.

Planen er å laga ein 40 minutts lang dokumentar som skal visast på NRK i løpet av året.

– Me lovar å visa eit kontrastfylt Noreg med alt frå vinterorkan på finnmarkskysten til vår i Bergen. Hurtigruten minutt for minutt varte i 134 minutt. Me skal prøva å få det ned til 40, seier han.

Kva betyr Nordstjernen for deg? Skriv di helsing i kommentarfeltet nederst!

Har hatt 1552 rundturar

Nordstjernen er bygd ved Bluhm und Voss i Hamburg i 1956.

Skipet har gått 7,4 millionar kilometer langs norskekysten, noko som tilsvarer 185 gonger rundt ekvator.

Talet på rundturar langs norskekysten er i alt 1552 turar, og båten har dermed passert polarsirkelen 3104 gonger. Alt i alt har skipet frakta 1,5 millionar passasjerar.

I sommar skal Nordstjernen gå som cruiseskip til Svalbard. Når skipet retunerer til Bergen 1. september, skal det etter planen selgjast.

Les og: Nordstjernen nærmest utsolgt før siste reis | Selger verdens eldste hurtigrute

Video Nordstjernen la til kai i Bergen for siste gang - Foto: Nyhetsspiller /

SE VIDEO: Nordstjernen la til kai i Bergen for siste gang torsdag ettermiddag.

NRK setter pris på at mange bidrar med meninger, erfaringer og synspunkter i kommentarfeltet. Takk for at du begrunner dine meninger og avstår fra personangrep. Innlegg som ikke følger våre regler for deltakelse kan bli slettet.

Siste video:

Dronebilder fra Odda
Røde Kors leter etter private eiendeler og leverer tilbake tingene de har funnet til dem som har mistet huset etter flommen i Odda.
Med intervju

Flere nyheter

Se Vestlandsrevyen her

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

TV: Siste Vestlandsrevy-sending

Hør siste lokalsending

Erik Hanøy - Foto: Astrid Rommetveit, NRK /
Foto: Astrid Rommetveit, NRK

RADIO: Hør sendingene her

Flere nyheter