Hopp til innhold

Sleppt fri etter dødsvald på Stord

Politiet ville fengsle 40-åringen i fire veker, men retten sa nei. No er mannen som er sikta for dødsvald på Stord sleppt fri.

Voldsepisode på Stord i Sagvåg

POLITI PÅ ÅSTADEN: Ein 50 år gamal mann døydde etter vald i eit hus på Sagvåg på Stord. Mannen som er sikta for dødsvald vart i dag sleppt fri av tingretten.

Foto: Henrik Mundal Andreassen / Sunnhordland

Politiadvokat Thor Buberg bekreftar lauslatinga av den sikta til NRK måndag ettermiddag.

– Om vi eventuelt skal anke avgjerda tek vi stilling til seinare, seier Buberg.

Den 40 år gamle mannen har vore i politiets varetekt sidan dødsvalden på Stord i desember. Torbjørn Bauge (50) døydde av skadane han vart påført i sin eigen heim.

Sleppt fri

Då forlenga fengsling skulle opp i Haugaland tingrett i dag, bad politiet om ytterlegare fire veker fengsling med brev- og besøkskontroll for den sikta 40-åringen. Dei meiner det framleis er fare for at bevis skal gå tapt.

Retten var ikkje samd i dette, og erklæra mannen lauslatt. 40-åringen er framleis sikta for lekamsskading med døden til følgje. Sikta har erkjent dei faktiske forhold, men hevdar han handla i sjølvforsvar.

Ventar på svar frå Kripos

Det går føre seg framleis etterforsking av kva som skjedde i avdøde sin bustad på Sagvåg natt til sundag 7. desember. Politiet fekk bistand av Kripos til tekniske undersøkingar i huset.

– Vi ventar på resultata av dei. Samstundes held vi framleis på med avhøyr i saka, avsluttar politiadvokat Thor Buberg til NRK.