30-åringen vart måndag kveld behandla for kuttskadar på Haukeland universitetssjukehus. Han vart tysdag overført til Sandviken sjukehus i Bergen for eitt døgns observasjon og nærare utgreiing av den psykiske helsetilstanden hans.
Ikkje avhøyrt enno
Advokat Fredrik Verling i Bergen er oppnemnt som forsvarar for den sikta.
30-åringen skal etter planen framstillast for varetektsfengsling i Bergen tingrett på torsdag. Etterforskinga av saka blir leidd av politiet i Sogn, som opplyser at den sikta så langt ikkje er avhøyrt.
Lettare skadd
Måndag kveld blei den sikta flydd med redningshelikopter frå åstaden mellom Årdal og Tyin, til Haukeland Universitetssjukehus. Der heldt politiet vakt medan mannen blei behandla for kuttskader. Klokka 11.10 tysdag føremiddag opplyste Helse Bergen at tilstanden hans var lettare skadd. Nokre timar seinare blei han flytta til Sandviken Sykehus.