Hopp til innhold

Ser på skrinlagd godsterminal-forslag igjen

Etter massive protestar i Bergen, vurderer no Jernbaneverket om det var riktig å droppa Samnangerfjorden som alternativ til ny godsterminal.

Samnangerfjorden

GODSTRAFIKK HER? Her gjennom Samnangerfjorden vil Ap i Bergen senda store mengder skipstrafikk.

Foto: Frokor / Wikimedia

Valglogo

– Samnanger har ein kort veg ifrå eksisterande jernbane med tunnel inn til Samnangerfjorden. Der kan ein på ein god måte samlokalisera både hamn og godsterminal, seier bystyrerepresentant for Ap Geir Steinar Dale.

Jernbaneverket er snart ferdig med å greia ut kvar ny godsterminal for Bergen skal ligga.

Men med kort tid igjen dukker no eit nytt – eller gamalt – alternativ opp igjen i debatten. Etter store protestar på folkemøte i Arna, har Jernbaneverket igjen blitt oppfordra til å sjå utanfor Bergen for framtidas godsterminal.

Dei har no børsta støv av eit alternativ med godsterminal inst i Samnangerfjorden. Forslaget var på bordet for fleire år sidan, men vart raskt vurdert som uaktuelt av Jernbaneverket den gong.

 Geir Steinar Dale

Ap-politikar Geir Dale er sjølv frå Arna, og meiner Samnanger er eit godt alternativ – både for Bergen og Samnanger.

Foto: STEINAR NEDKVITNE / NRK

Lars Christian Stendal

UEINIG: Lars Christian Stendal i Jernbaneverket meiner godsterminal i Samnanger ikkje er ei god løysing. Men han skal likevel sjå nærare på det.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Så langt har vi tenkt at det ikkje har vore aktuelt. Men sidan dette har blitt lansert på ny, kjem vi til å gå gjennom heile argumentasjonen vår på ny, seier regiondirektøren i Jernbaneverket Lars Christian Stendal.

Har truleg liten sjanse

To viktige årsaker til at Samnanger vart droppa, var den lange ekstra reisevegen for både båtar og bilar som frakta gods til og frå ein godsterminal.

Når Jernbaneverket no ser på alternativet igjen, er det berre for å undersøka om vurderingane framleis står seg. Ein ny utgreiing vert det med andre ord ikkje.

– Vi ser på det på nytt for å sjekke det grundig, anten inn i saka eller ut av saka, seier Stendal.

Ved Samnangerfjorden kan det byggast både godsterminal og containerhamn i

motsetnad på Unneland i Arna.

Det er vanskeleg å sjå at det kan bli ei hamn i Haukelandsvatnet på Unneland. Samlokalisering er viktig i denne samanhengen.

To alternativ i Arna er framleis aktuelle: Unneland og Espeland. Rådal og Flesland er også moglege plasseringar.

Unneland

KAN KOMA HER: Ein framtidig godsterminal i Unneland

Foto: Frode Bergo Larsen

Delte meiningar

Ordførar Marit Aksnes Aase i Samnanger er ikkje sikker på at ho er positiv

Marit Aksnes Aase

Ordførar i Samnanger Marit Aksnes Aase (KrF)

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Denne saka om ei storhamn har vore oppe tidlegare i vår kommune. Då var det rimeleg stor debatt og engasjement i bygdene her inne og i kommunestyret. Kommunestyret takka den gongen nei.

Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Nils Ådland ønsker derimot godsterminalen velkommen til Samnanger.

– Det å sjå dette i samanheng med næringsutvikling og det å kunne skapa varige arbeidsplassar er viktig for oss

– Ein omveg

Stendal har på si side sterke innvendingar. Det er han som skal gje innstilling i oktober.

– For å komma inn til Samnanger får båtane ein ekstratur på om lag 50 nautiske mil.

Kva alternativ dei ender opp med til slutt kan han ikkje seie noko om.

– Me veit endå ikkje kva som er det beste alternativet. Ein må venta til innstillinga er klar i oktober.

Ny godsterminal i Bergen

FIRE ALTERNATIV: Det er ein av desse plassane Jernbaneverket no vurderer å legga den nye godsterminalen.

Foto: NRK