Politiet har stogga og tatt intet mindre enn seks promillekøyrarar det siste døgnet i Hordaland. Den siste vart tatt etter ei trafikkulukke på Brattholmen på Sotra sundag kveld.
Sjåføren mista kontrollen, bilen gjekk rundt og hamna midt i vegbana. Politiet mistenkte rusa køyring og fekk rett.
Dermed var den sjette promillekøyraren «i boks», noko som gjer operasjonsleiar Terje Magnussen svært oppgitt.
Til legevakt
– Det er eit skremmande høgt tal. Det er altfor mykje. Av dei seks er det to singelulukker men dei rusa sjåførane utgjer ein fare for andre som ferdast i trafikken, seier Magnussen.
Føraren av bilen som snurra rundt på Brattholmen er sendt til legevakta.
Stoppa med to i promille
Magnussen fortel at publikum er flinke til å tipsa når dei kjem over mistenksam køyring i trafikken.
– Tidlegare i dag fekk vi stogga ein i Bergen sentrum. Vi fekk fleire meldingar frå folk som nesten var blitt påkøyrd på fortauet. Det er veldig skremmande og rett og slett livsfarleg.
– Då vi til slutt fekk stogga og kontrollert vedkommande, viste det seg at han hadde over to i promille. Sånn kan vi ikkje ha det.
Magnussen legg til at alle sjåførane kan vente seg straff.