Hopp til innhold

Rotteplagene fekk begeret til å renna over

Totalreform, som driftar Fisketorget og Mathallen på Torget i Bergen, seier opp avtalen med kommunen. Samstundes varslar dei krav om erstatning.

Mathallen

SEIER OPP AVTALEN: Totalreform driftar Fisketorget og Mathallen for Bergen kommune. No har dei fått nok av det dei meiner er for dårlege økonomiske rammevilkår.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Min første reaksjon er at dette gir oss ein del moglegheiter. Totalreform kastar inn årene. Dei har jo ikkje fått det til på Torget.

Byrådsleiar Martin Smith-Siversten (H)

Driftselskapet melder om oppseiinga i ein pressemelding fredag. Årsaka er ifølge Totalreform at dei økonomiske rammevilkåra ikkje er gode nok.

– Det utgangspunktet og dei rammevilkår kommune har gitt oss gjer det umogleg å få til berekraftig verksemd på Torget. Mathallen har byggtekniske manglar som ikkje samsvarer med formålet og konseptuelt stemmer det dessverre ikkje, seier administrerande direktør Anders Bjerke i pressemeldinga frå Totalreform.

Nyhenda kjem same dag som Mathallen opna dørene igjen, etter å ha vore stengt sidan måndag førre veke på grunn av spor etter rotter inne i Mathallen.

Plaga med rotter

Totalreform er forundra over korleis kommunen handterte rotteplagane i den innleiande fasen, og syner til at kommunen to dagar etter stenginga informerte om det ville bli sett opp mellombelse løysingar og at dei kunne opne torsdag 6. november.

Ifølge Totalreform vart dette gjort utan at kommunen hadde konsultert med Mattilsynet eller ekspertar på skadedyr.

– Denne manglande faglegheita og ansvaret er etter vår oppfatning diverre illustrerande for kommunen si handtering av dei mange byggtekniske utfordringane som det vanlegvis er opp til huseigar, og ikkje leigetakar, å ta ansvar for, seier Bjerke.

Ifølge dei har oppseiinga av avtalen med kommunen låge i korta sidan reforhandlingane med kommunen starta i fjor.

– Tapt over åtte millionar

Mathallen stengt inntil videre

MÅTTE STENGE: Det vart funne spor av rotter i Mathallen førre veke og heile bygget måtte stengast.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

«Hovudårsaka til at prosjekt «Mathallen» har mislukkast skuldast at Bergen kommune har stilt til råd eit uhensiktsmessig og dyrt bygg – eit bygg som ikkje eignar seg til den drifta som er meint å vere der», heiter det vidare i pressemeldinga.

Totalreform meiner manglane ved Mathallen har ført til høge kostnadar for dei. Dei hevdar å hittil ha tapt over åtte millionar kroner på kontrakten med kommunen.

Driftselskapet meiner felleskostnadane i det nye bygget er for høge, og hevdar bygget har eit uvanleg høgt straumforbruk. Det tekniske anlegget fungerer heller ikkje som det skal, ifølge Totalreform.

– Kommunen har ikkje gjort nok

Driftselskapet sukkar også over at dei fleire gonger har varsla kommunen om problema med bygget, utan at det skal ha ført fram.

– Dessverre har kommunen avvist forslag som kunne fått ned kostnadane for leigetakarane og gjort prosjektet berekraftig. Trass i at det har oppstått ei rekke med problem med bygget som har ført til høge kostnadar, har ikkje kommunen vore villige til å finne gode løysingar, seier Bjerke i Totalreform.

Til NRK fortel Bjerke at Mathallen ikkje stengjer igjen som følgje av oppseiinga.

– Det vil vera ordinær drift i Mathallen. Oppseiingstida er på 12 månadar og vi er klar på å følge våre forpliktingar i den tida. Publikum vil oppleve ein heilt normal aktivitet på Torget, presiserer Bjerke.

– Dei har ikkje fått det til

Martin Smith-Sivertsen

USAMD I SKULDINGANE: Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Til NRK skyv byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen (H) mykje av ansvaret over på Totalreform.

– Min første reaksjon er at dette gir oss ein del moglegheiter. Totalreform kastar inn årene. Dei har jo ikkje fått det til på Torget. No har vi sjansen til å tenke nytt og få Torget til å bli betre enn det er i dag, seier Smith-Sivertsen.

Byrådsleiaren er totalt usamd i skuldingane frå driftselskapet.

– Bergen kommune har gjort veldig mykje bra med Mathallen. Det er ein omfattande kontrakt som regulerer leigeforhold, og det vil alltid vere ein diskusjon mellom leigetakar og utleigar om ansvarsforhold.

– Vi er ikkje samd i deira framstilling, men i motsetning til dei ser ikkje vi behovet for å diskutere dette i media, kontrar byrådsleiaren.

Kommunen skal i møte med Totalreform på måndag. Då vil det diskuterast kva som skjer vidare i den 12 månadar lange oppseiingstida partane har seg i mellom.