Hopp til innhold

Sandviken jublar for opprykk til Toppserien

Med seier borte mot Urædd samstundes som dei andre resultata gjekk deira veg, er Sandviken klar for øvste nivå att. – Utruleg herleg, seier trenar Øyvind Nordtveit.

Sandviken jublar for opprykk

JUBEL: Glade Sandviken-spelarar jublar for at dei er klare for Toppserien att.

Foto: Øyvind Nordtvedt / Privat

Sandviken gjorde jobben og slo Urædd 3–1 borte søndag, etter mål av Ingrid Helene Nyhus, Sunniva Lillestøl og Elida Knutsen.

Samstundes klarte Fortuna Ålesund berre uavgjort mot Lyn. No kan ikkje ein gong teorien ta frå Sandviken ein plass i Toppserien neste sesong.

– Det er svært bra, sjølv om det har låge an til det dei siste vekene. Men det er utruleg godt å endeleg få det avklart, seier Øyvind Nordtveit til NRK

Rykkjer rett opp igjen

Dermed blir det berre ein sesong i nest øvste divisjon for bergenslaget. Sandviken rykka ned frå Toppserien i fjor, og mista nesten eit heilt lag av spelarar. Likevel har dei klart seg meir enn bra i 1. divisjon, med 52 poeng på 18 kampar.

– Det er klart, me mista mykje spelarar og ting går sjeldan som venta. Men med har jobba knallhardt med økonomi og det å få tak i nye spelarar. Så når me lukkast no er utruleg herleg.

Trenaren meiner det er viktig med fleire lokale lag i Toppserien.

– Det er plass til to lag og det vil rom for fleire talent. Eg trur det er veldig viktig.

Går for rekord

Sandviken har til gode å tapa ein kamp i årets sesong, med fire kampar att å spela. Med full pott på dei siste, kan Sandviken slå poengrekord i 1. divisjon.

– Det er blitt eit nytt mål. Første målet var å bli klare for opprykk. Det hadde vore gøy å ta rekorden også, avsluttar Nordtveit.

Laster Twitter-innhold