Hopp til innhold

– Eg trudde det ville provosera mange

Då OL-motstandar Sondre Haug, frå Os i Hordaland, var 19 år gamal oppretta han ein Facebook-aksjon mot OL. Tre år seinare hadde plutseleg aksjonen 80.000 tilhengarar. No får han mykje av æra for presset i sosiale media.

Sondre Haug

AKSJONERTE MOT OL: Sondre Haug var berre 19 år gamal då han starta Facebook-aksjonen i 2011. Over 80.000 mostandarar slutta seg til gruppa.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Det er klart at det likevel ikkje vert noko OL i Oslo i 2022. Blant dei som har kjempa hardast mot gigantarrangementet, er Sondre Haug frå Os som i 2011 starta ein Facebook-aksjon mot OL. I gruppa «Nei til Oslo-OL 2022» slutta over 80.000 motstandarar seg til aksjonen.

For Sondre Haug står no jubelen i taket etter at det vart ei OL-nei.

– Ja, det vart full jubel då det vart avklart, seier Haug.

– Dette var mange i mot

Sondre Haug

– Eg trur det vart så mange tilhengarar fordi vi kom ut med ferske og gode faktaopplysningar om OL, opplysningar som OL-etaten ikkje ville gå ut med, men som vi gjorde, seier Sondre Haug.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Haug var berre 19 år gamal då han starta Facebook-aksjonen i 2011 og den vart oppretta same dag som vinteridrettsforbundet gjekk inn for å søkje vinter-OL.

– Eg forstod med ein gong at dette var noko som mange var i mot, sidan det var så kort tid sidan sist vi vraka ein annan OL-søknad. Det var altfor stort etterslep blant idrettsanlegg i Norge og det ville bli veldig dyrt. Eg tenkte at det nye forslaget om å søkja nytt vinter-OL ville provosera mange – og det stemte, seier Haug.

– Starta du det fordi du ville ha flest tilhengarar eller fordi du var kraftig motstandar av OL?

– Eg var både ein kraftig motstandar og eg visste at mange ville vera eining med meg i denne saka. I tillegg visste eg at det var mykje blant IOC og i denne prosessen som ikkje ville bli oppgjeve, så då fungerte facebooksida som ei opplysningsside med omsyn til OL-saka, seier OL-motstandaren.

Har 80.000 tilhengarar

Eg visste i denne prosessen ikkje ville bli oppgjeve, så då fungerte facebooksida som ei opplysningsside.

Sondre Haug

Talet låg stabilt på 10.000 frå 2011 til i fjor, men etter folkeavstemminga i hovudstaden så steig talet veldig mykje.

– Eg trur det vart så mange tilhengarar fordi vi kom ut med ferske og gode faktaopplysningar om OL, opplysningar som OL-etaten ikkje ville gå ut med, men som vi gjorde, seier Haug.

Haug innrømmer at han har brukt mykje tid på gruppa.

– Spesielt dei siste vekene har eg brukt veldig mykje tid på data og mobil, der eg har oppdatert sida. Det er veldig mykje å følgja med på når det er så mange nyheitsoppslag og ting som står bak prosessen, seier Haug.

(Artikkelen held fram under biletet)

Illustrasjon OL 2022

OL 2022: Slik kunne ei Oslo OL i 2022 ha sett ut.

Foto: illustrasjon: Snøhetta/Cowi/MIR / Oslo kommune

Sentrale personar tok kontakt

Mange politikarar tok kontakt med Haug, og han trur det engasjementet som kom ut i frå faceboook-aksjonen kan ha hatt noko å seie for at det vart nei til OL.

– Veldig mange sentrale personar tok kontakt med meg og spurde om eg kunne leggja inn ulike kommentarar og faktaopplysningar. Eg brukte facebooksida til å fremma sentrale folk sine meiningar og fakta i denne saka, så eg trur denne gruppa har hatt mykje å seie for resultatet, seier Haug.

Står igjen som eit minne

– Kva skal du gjera med Facebook sida no?

– Den skal stå som eit fint minne på kor mykje sosiale medium faktisk har å seie i denne saka. Om du går inn på sida no, så er det reine 17. mai-stemninga der. Folk gratulerer og juble, seier Haug.

– Kva skal du bruka engasjementet ditt på no?

– Nei, sei det. Eg skal i alle fall trappa det litt ned og få ein meir vanleg kvardag, stadfestar Haug.