Hopp til innhold

Saman kring musikken på Giske

Noreg sin største gratis musikkfestival, «Sommerfesten på Giske», held fram som planlagt. Fleire bergensband skal både spela og delta i ei minnemarkering på den vesle øya i havgapet.

Lars Vaular på 5071 Loddefjord

POSITIVT: – Det er viktig at festivalen vert arrangert og at mange musikarar stiller. Ein folkefest, vonar eg at det vert, seier Lars Vaular til NRK.no.

Foto: Thomas Anthun Nielsen

– Eg syns det er veldig flott at me skal spela musikk, det er jo det me gjer. Og det må me fortsetja med, seier bergensartisten Lars Vaular om kva han tenkjer om å halda konsert i ei prega tid som den me er i no.

20 000 hjarter opp mot himmelen

Sommerfesten på Giske

LAG EIT HJARTE: Arrangørane oppfordrar publikum til å ta med seg eit eige papirhjarte i høve minnemarkeringa på laurdag.

Foto: Presse / Sommerfesten på Giske

Etter terrorangrepet vurderte fleire festivalar rundt om i landet å kansellera arrangementa sine.

Men allereie måndag opplyste arrangørane bak «Sommerfesten på Giske» at festivalen skal gå som planlagt:

«Vi samler oss om de verdiene som er Sommerfestens parole; peace, love and understanding. Disse tre ordene har kanskje aldri betydd mer enn akkurat nå», skriv dei i ei pressemelding.

Arrangørane har også bestemt seg for å dela ut 20 000 hjarter som dei oppfordrar publikum å lyfta opp mot himmelen under ei minnemarkering for dei grufulle hendingane i Oslo og på Utøya.

Samlast kring musikken

Jentebandet Razika frå Bergen skal også spela under festivalen. Gitarist Maria Råkil trur at det vert spesielt å halda konsert, men at dei tenkjer på festivalen som eit positivt innslag i ei elles merkbar og tung stund.

– Det som har hendt er heilt forferdeleg for heile den norske befolkninga. Men på den andre sida er det også viktig å samlast rundt noko, seier ho.

– Kva bodskap trur du ein slik festival kan vera med på å formidla i denne tida?

– Det å visa at me står saman mot det som har skjedd. Det trur eg er veldig viktig, og difor er det også viktig med minnestunda når det er så mange folk der, seier Råkil.

Forutan Lars Vaular og Razika, skal blant anna bergensartistane John Olav Nilsen & Gjengen, Jan Eggum og Casiokids halda konsert under festivalen.

Razika

Maria Råkil (nummer to frå høgre) speler gitar i bergensbandet Razika.

Foto: Andreo