Hopp til innhold

Så lenge står du faktisk i kø

For første gang har Vegvesenet publisert tal på kor mykje bilistane står i kø i Noregs fire største byar. Sjekk din strekning her.

Bilkø

BILKØ: Statens Vegvesen har oppretta ei eiga teneste der bilistar kan sjekke kor lang tid ein kan rekna med å bruka på bilturen.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Statens vegvesen vil no tilby ei eiga teneste der ein kan oppdatere seg på nett om korleis trafikkavviklinga er på utvalde strekningar i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.

No blir altså tala på kor lenge ein må forvente å stå i kø publisert på nettsidene til Statens vegvesen, fortel Jakob Vaage, Fagansvarleg i Statens Vegvesen.

Oppdatert kvart femte minutt

Jakob Vaage

JAKOB VAAGE: Fagansvarleg i Statens Vegvesen er glad for å ha fått på plass den nye tenesta.

Foto: NRK

Informasjonen om kor bilistane kan forvente størst kø vert henta inn ved hjelp av antenner langs vegane. Desse registrerer passeringar av køyretøy med AutoPASS-brikker.

– Men sjølv om dette blir registrert vil likevel ikkje enkeltkøyretøy identifiserast fordi registreringane er basert på kryptert data, fortel Vaage.

Informasjonen på nettsida kjem til å bli oppdatert kvar femte minutt ifølgje Statens vegvesen. Nettsida vil difor vere ein effektiv måte for bilistane å planlegge reisestrekninga si.

SJÅ KOR LENGE DU MÅ STÅ I KØ HER

Grønn strekning: Om streknina sei at det er normal trafikkavvikling på strekninga.

Gul strekning: Bilistane må rekne med noko forseinking. Det vil vere meir enn 15 prosent lenger reisetid enn det som er normalt.

Raud strekning: Her er det stor forseinking. Ein må ein rekna med meir enn 50 prosent lenger reisetid enn det som er normalt.