Hopp til innhold

Rusforskar: – E-sigaretten reddar liv

Den sterkt veksande bruken av elektroniske sigarettar er livreddande, meiner rusforskar. Lungespesialist er derimot særs skeptisk.

E-sigarett

DEI LÆRDE STRIDAST: Stadig fleire byrjar å røyke e-sigarettar, men om det er ei positiv utvikling eller ikkje er det stor usemje om.

Foto: Mike Segar

Bruken av den elektroniske sigaretten er tredobla i Storbritannia, og kanskje er tala like høge i Noreg. Det ser rusforskar Karl Erik Lund berre positivt på.

– Desse personane går frå å bruke eit livsfarleg produkt til noko som er langt mindre farleg. Me ser særs positivt på at stadig fleire kuttar ut vanlege sigarettar med den elektroniske varianten, seier Lund.

– Kan vera livreddande

Woldeseth

SUNNARE ALTERNATIV: Varaordførar i Bergen, Tor A. Woldseth kjenner seg i betre form etter at han gjekk over til e-sigarettar.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Ifølgje rusforskaren er den aukande trenden eit særs positivt alternativ for røykarar.

– Dette vil redda liv til mange av dei som røyker. For fyrste gong har røykarane eit alternativ dei faktisk likar, seier Lund.

Han legg til at det ikkje er noko som tydar på at fleire unge byrjar å røyke sjølv om fleire røykarar stumpar røyken til fordel for den elektroniske nikotinpinnen.

Varaordførar i Bergen, Tor A. Woldseth, har prøvd det moderne sigarettalternativet i om lag eitt år. Han kjenner seg sunnare ved å suga i seg vassdamp og nikotin, enn ved å røykja vanlege sigarettar.

– Då eg gjekk over til e-sigarett merka eg at pusten vart mykje lettare enn når eg røykte vanlege sigarettar. Eg er overtyda om at dette er eit veldig godt alternativ, seier Woldseth.

– Skeptisk

Brekke

UROA: Per Bakke ved Universitetet i Bergen er skeptisk til at stadig fleire stumpar røyken til fordel for e-sigaretten.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Professor i lungemedisin Per Bakke ved Universitetet i Bergen går er uroa for den aukande trengde. Han hevdar e-sigarettane kan vera særs helseskadelege.

– Det kan sjå ut til at man kan få lungeproblem også av e-sigaretten. Dette er i form av luftvegssymptomar. Truleg kan ein få hjarte- og karsjukdommar av denne typar sigarettar. Eg er særs skeptisk til utviklinga me ser, seier Bakke.

Ulovleg i Noreg

Enn så lenge er det ulovleg å selja e-sigarettar over disk her i landet, men rundt 50.000 har kjøpt seg slike på internett.

Men frå 2016 blir det ifølgje eit EU-direktiv lov å selja også her. Det ser lungespesialist Bakke mørkt på.

– Ein del av plagene ser det ut til at ein ikkje blir kvitt med e-sigaretten, meiner lungespesialisten.