Hopp til innhold

Hege må vente fem månader på rushjelp

Lovnaden var rask hjelp når den rusavhengige sjølv er motivert. No erkjenner Helsedepartementet at det er langt att til vegen mot eit rusfritt liv er utan hinder.

Lovnaden var rask hjelp dersom den rusavhengige sjølv er motivert. No erkjenner helsedepartementet at det er langt att, på vegen mot eit rusfritt liv.

MÅTTE VENTE: Hege Nilsen må vente eit halvt år på hjelp, trass i at helseminister Bent Høie (H) lova endring for rusavhengige for vel eitt år sidan.

– Det er dei rusavhengige som vil merke regjeringsskiftet først, sa Bent Høie i Høgre då han for snart eitt år sidan tok over som helseminister.

Trass lovnader og talar om satsing på nettopp rusbehandling, skulle det vise seg å vere mange hinder for rusavhengige Hege Nilsen.

– Eg forventa rett og slett at eg skulle bli prioritert. At eg hadde rettar, og at dei skulle klare å finne ein plass å hjelpe meg vidare i og med at eg er så motivert som er, seier Hege Nilsen.

Må vente lenge på hjelp

Hege Nilsen

VENTAR ENNO PÅ HJELP: Hege Nilsen får hjelp 3. desember, om lag eit halvt år etter at ho først bad om hjelp.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Nesten eit heilt liv er vekke i rus for Hege Nilsen, men det er òg eit heilt liv igjen. Då Hege bad om hjelp, fall ho mellom nesten alle moglege stolar.

I slutten av juli var hennar første rop om hjelp. Etter tre dagar på rusakutten vart ho sendt tilbake på gata, fordi det ikkje fanst plass til ho.

Kort tid etter bad ho igjen om hjelp. Det fanst plass på rusakutten, men berre i fire dagar. Ho vart då sendt vidare til stabiliseringsposten på Askøy, og etter tre veker fekk ho beskjed om at helsevesenet ikkje kunne tilby ho langtidsbehandling før om tre månader.

Datoen for hjelp er 3. desember, fem månader etter at ho bad om hjelp første gong.

– Eg spurte ein av dei tilsette kva eg skulle gjere i mellomtida, og fekk svar av ei med eit ironisk smil om munnen om at eg kunne jo ta meg ein tur på fjellet, seier Nilsen.

– I staden for å i det heile tatt vente på noko meir avklaring, så bestilte eg meg ein taxi og reiste rett til byen, og då hadde det ikkje gått mange timane før historia gjentok seg, seier ho.

– Ikkje i mål i dag

Cecilie Brein-Karlsen

IKKJE I MÅL: Statssekretær Cecilie Brein-Karlsen erkjenner at målet om å tilby rusavhengige hjelp ikkje er oppnådd.

Foto: NRK

Eitt år har gått sidan Bent Høie (H) vart helseminister, og sa dei rusavhengige hadde størst grunn til å vere utolmodige.

– Me må erkjenne at me ikkje er i mål i dag, men me er på god veg, seier statssekretær Cecilie Brein-Karlsen.

– No innfører me fritt behandlingsval der ruspasientane er først ut. Me kjem med ein forpliktande opptrappingsplan for rusfeltet, og me har instruert helseregionane om å kjøpe fleire behandlingsplassar av private, legg ho til.

– Bør ein forvente at den rusavhengige er motivert frå juli til desember?

– Eg tykkjer det høyrest ut som lang tid, seier Cecilie Brein-Karlsen.

Manglar pengar

Ola Jøsendal

MÅ MEIR TIL: Ola Jøsendal som er leiar for avdeling for rusmedisin i Helse Bergen meiner det må meir til enn draghjelp frå dei private for å kunne hjelpe dei rusavhengige.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

Tidlegare har leiaren for avdeling for rusmedisin i Helse Bergen, Ola Jøsendal, sagt til Bergens Tidende at ventetida for å komme til rusbehandling har gått jamt nedover den siste tida.

Han sa då at gjennomsnittleg ventetid for behandling er 48 dagar, noko som er det lågaste det nokon gong har vore.

Han meiner det skal meir til enn draghjelp frå dei private for å betre tilbodet for dei rusavhengige.

– Min vurdering er at me må bygge opp den akuttmedisinske delen på ein betre måte, og det kostar pengar, pengar som me ventar på, seier han.

Hege Nilsen, som framleis ventar på langtidsbehandling, meiner hjelpa burde kome fortare for dei rusavhengige.

– Når ein narkoman rekker ut handa og ber om hjelp, så må dei ta ho, seier ho.

Korleis er livet no, medan du ventar på behandling?

– Det gjekk tilbake til slik det var før eg kom i behandling.