Hopp til innhold

Rulla ut plattform på 8000 tonn

Ni timar og 1064 hjul måtte til då Kværner Stord flytta ein tredjedel av Edvard Grieg-plattforma i helga.

Flytting av 8000 tonn på Kværner Stord

TUNGT LØFT: På videoen ser ein korleis Kværner Stord gjekk fram for å få dei 8000 tonna over på ein lekter. Video/redigering: Magne Langåker, Kværner

På 1064 hjul blei bustad- og utstyrsmodulen til Edvard Grieg-plattforma i helga flytta frå land på Kværner Stord og ut på ein lekter.

Den store operasjonen tok totalt ni og ein halv time. Arbeidet med å setja den 8000 tonn tunge plattformdelen ut på sjøen byrja laurdag. Søndag vart operasjonen fullført og modulen kom seg trygt ut på lekteren.

  • Sjå det tunge løftet i videovindauget øvst i saka

Har jobba med plattforma i tre år

Frå før av har verftet allereie gjort unna ein enno tyngre flytting. Sjølve plattformdekket på Edvard Grieg-plattforma vart flytta ut på lekter førre helg, ein modul som har ei totalvekt på 16.000 tonn. Den tredje biten i puslespelet, prosessmodulen, blir bygd i Egersund hjå Aker Solutions.

Kværner Stord har jobba med bygginga av plattforma i tre år. Kommunikasjonsansvarleg Odd Naustdal seier dei er i god rute til å nå målet om overlevering 15. april.

– Vi er stolte over arbeidet vi har gjort og veldig nøgde med at vi klarar å levere til den datoen som er avtalt med vår kunde. Ei fjør i hatten for norsk leverandørindustri, seier Naustdal til NRK.

Edvard Grieg-plattformen under bygginga på Kværner Stord

UNDER BYGGINGA: Begge plattformmodulane som Kværner har bygd til Lundin vart til under det same taket her på Stord.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Blir sett saman i Nordsjøen

Verftet på Stord har bygd plattforma på oppdrag frå selskapet Lundin. Det står att noko arbeid før Kværner overleverer modulane til Lundin.

– Lundin fraktar modulane ut til feltet i Nordsjøen. Der står allereie stålunderstellet klart, slik at ein kan montera dei tre delane saman der ute, forklarar Naustdal.

Tøffe tider

Siv Jensen besøker Edvard Grieg-plattformen ved Kværner

PÅ BESØK: Finansminister Siv Jensen besøkte Kværner Stord i februar i år, her frå helikopterdekket på Edvard Grieg-plattformen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ferdigstillinga av plattforma er eit lyspunkt i ein elles tung periode for Kværner Stord. Verftet har tapt fleire kontraktar til Asia, medan Aibel i Stavanger tidlegare i vinter sikra seg gigantkontrakten på det planlagde Johan Sverdrup-feltet på Utsira-høgda.

Dette kan gå hardt utover Kværner, som truleg må kutta mellom 250 og 500 tilsette i løpet av året.

– Vi har ikkje noko val. Topside-produksjonen er ein stor del av aktiviteten vår på Stord og i Oslo. Slike kontraktar er det lite av framover, sa administrerande direktør Steinar Røgenes til avisa Sunnhordland tidlegare i mars.

– Det er ein ekstremt tøff situasjon no, men vi jobbar for å gjera oss meir konkurransedyktige. Vi har alle ambisjonar om å by på plattformer også i framtida, avsluttar Naustdal til NRK.