Hopp til innhold

Norges einaste kyrkjeasylantar har rømt

Familien på tre skulle sendast tilbake til Albania denne veka, men i går kveld var dei sporlaust vekke frå kyrkja dei har budd i.

kirkeasyl

FORSVUNNE: Far Genci Angjellari, mor Fatjona og dattera på 14 måneder sat halvanna månad i kyrkjeasyl i Nysæter kyrkje på Stord. Torsdag kveld var dei plutseleg vekke.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Eg fekk ein telefon frå ein av dei som har vore rundt familien, om at kyrkja var tom. Det gjer oss uroa. Vi lurar på kor dei er, seier sokneprest Arnt Johan Vistnes i Nysæter kyrkje på Stord.

Soknepresten gjorde dermed det han kjente han måtte gjera, ringa politiet. Sjølv om han veit at den albanske familien ikkje ville likt det.

Arnt Johan Vistnes

– HÅPAR DEI ER TRYGGE: Sokneprest Arnt Johan Vistnes synes det er vondt at den albanske familien var så livredde at dei flykta. – Eg skulle ønska eg visste kor dei er, og om dei er trygge, seier han.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

– Når nokon er vekke, og vi er uroa for dei, så må vi ringje politiet. Eg kjente det var mi plikt overfor styresmaktene. Eg ønska jo sjølvsagt at dei skulle få opphald i Norge, men no er situasjonen at dei skal bli sendt ut, og då kan ikkje eg vera med og bidra til ein flukt, seier soknepresten.

Meinte seg truga på livet

Det var eit albansk ektepar med ei eitt år gammal dotter som i halvannan månad har opphalde seg i kyrkja på Stord. Dei var dei einaste kyrkjeasylantane i Norge då dei kom til Nysæter. Utlendingsnemnda avslo asylsøknaden deira fleire gonger, og denne veka skulle politiet si utlendingseining senda dei tilbake til heimlandet.

Men journalisten Genci var livredd for å reise heim. Han jobba som journalist i TV-kanalen Agon Chanell, der han laga fleire saker som avslørte korrupsjon.

– Heime er livet vårt truga av mafiaen og styresmaktene fordi eg er undersøkande journalist, sa Genci til NRK i slutten av september.

– Dei må vera desperate

kirkeasyl

STILTE TIL INTERVJU: – Vi mista alt. Vi kom til Norge med berre eitt kolli, sa Genci då han og kona Fatjona stilte til intervju med NRK i slutten av september.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Sokneprest Vistnes fortel at kyrkjelyden blei svært glad i familien som har budd i kyrkja. Presten har sett pris på at dei engasjerte seg, og deltok i gudstenestene.

– Dei var ein del av kyrkjelyden. Mange blei kjent med dei, og blei glad i dei. Dei var blide og omsorgsfulle, og det er vondt å vite at dei er så livredde. Eg skulle ønska å vite kor dei er, og at dei er trygge. Det håpar eg dei er, seier han.

Avisa Sunnhordland har vore i kontakt med albanarane som har rømt frå kyrkja. Dei skal ha sendt ein sms med melding til avisa om at dei gøymer seg.

Marit Johnsen i familien si støttegruppe seier familien må vera desperate som rømmer frå kyrkjeasyl. Støttegruppa som har støtta familien med mat og klede, og som har vore saman med dei, sit no att med mange spørsmål.

– Eg kjenner på ei veldig tomheit. Dei må vera desperate som tek på flukt med dottera, seier Johnsen.

– Vi er uroa over kvar dei har tatt vegen, og korleis det går med dei.