Hopp til innhold

Her gjer rapparen (22) sin siste konsert før han blir arrestert

Den 22 år gamle rapparen har vore etterlyst sidan i august. I natt arresterte politiet han etter ein konsert i Bergen sentrum.

Rapper Metro

PÅGRIPEN: Her gjer bergensrapparen (22) ein minikonsert på utestedet Metro før han blei arrestert natt til tirsdag.

Rapper arrestert i Bergen

ARRESTERT: Den 22 år gamle rapparen frå Bergen har vore på rømmen sidan august. I natt blei han fanga av politiet.

– Ja, vi har arrestert han. Vi fekk vite at han skulle spele ein song på eit russetreff på utestaden Metro i Bergen, og då han var ferdig, så var vi der, fortel operasjonsleiar i politiet, Frode Kolltveit til NRK.

Det var BT som først melde om arrestasjonen av bergens-rapparen.

Skulle melde seg etter ferie

Det var like etter klokka 01.00 i natt at politiet arresterte 22-åringen. No sit han i arresten, og skal møte i avhøyr i løpet av dagen.

– Han har gjerne nokre saker han må forklare seg litt om, seier Kolltveit.

Politiadvokat Elisabeth Ryen seier tysdag føremiddag til BT at 22-åringen er tiltalt for vald mot tre menn i Bergen sentrum i oktober 2014 og januar 2015, og i tillegg sikta for truslar og brot på vegtrafikkloven.

I fjor haust ble mannen dømt til to års fengsel for fleire tillfelle av grov vold. No vil politiet ha han varetektsfengsla grunna gjentakingsfare.

Rappar på rømmen fra politiet

STAKK AV: 22-åringen røymde frå varetekt i august.

Foto: Arne Pedersen, Natt&Dag

Stakk av frå politiet i august

Rapparen har tidlegare sagt at han sjølv ville melde seg for politiet.

– Eg er ikkje stolt over det eg har gjort, og skal melde meg. Men først skal eg gjere ferdig eit par låtar og reise på ferie, sa 22-åringen til NRK i går.

Han har vore på rømmen sidan august, då han stakk av frå politiet medan han var i varetekt. Flukta gjekk frå luftegarden på politihuset, der han klatra opp å taket og deretter stakk av.

– Eg har jo hoppa over eit par gjerde i i mi tid. Eg driv ikkje med parkour, men ein vegg på 2,30 er lett. Sidan har eg kost med og eigentleg ikkje skjult meg så veldig, har han tidlegare fortalt NRK.

Etter flukta frå politiet har han opptredd på fleire utestadar i Bergen, mellom anna Klubb Kok og USF Verftet.

Bergens-rapper (22) arrestert

SISTE KONSERT: Det var ette ein konsert på utestaden Metro rapparen blei tatt.

Oppfordra til å melde seg

Rapparen er tilknytt det bergenske rapkollektivet NMG/G-Huset, der Leo Ajkic er både manager og mentor. Han slapp si første låt denne hausten.

Ajkic har klart oppfordra han til å melde seg til politiet.

– Eg vil gjerne jobbe meir med han, men då må han gjere opp for seg, seier Ajkic.

22-åringen har presisert at Ajkic ikkje er hans manager no, og verken har noko med musikkprosjektet eller rømminga hans å gjere.

Leo Ajkic

- MELD DEG: Leo Ajkic har oppfordra 22-åringen om å melde seg til politiet.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix