Hopp til innhold

Riksadvokaten krev forklaring av politiet

23-åringen som er sikta for drapet i Ålesund, skulle om kort tid i fengsel for å sona ein tidlegare dom. Riksadvokat Tor-Aksel Busch vil ha svaret på kvifor det tok seks månader før kriminalomsorga fekk dommen.

Riksadvokat Tor-Aksel Busch

KREV SVAR FRÅ POLITIET: Riksadvokat Tor-Aksel Busch.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

– Vi er blitt kjent med at den siste dommen som sikta i Ålesund-saka var idømd, har tatt lang tid å få forkynt, seier han til NRK.

No krev han at Sunnmøre politidistrikt forklarar kvifor det tok så lang tid å forkynne den førre dommen til 23-åringen.

– Vi må undersøke kva som har skjedd. Vi har tidlegare skjerpa inn at ein skal forkynne dommar raskt.

Fekk papira etter eit halvt år

Anja Weløy Aarseth

DREPEN: 21 år gamle Anja Weløy Aarseth.

Foto: Privat

23-åringen som i går vart sikta for drapet på Anja Weløy Aarseth (21), er tidlegare dømd for to forhold. Det eine forholdet har han ferdigsona.

Den nyaste dommen fekk han 23. januar i år. Då vart han dømd til 21 dagars fengsel. Den dommen ventar han framleis på å få sone.

For først 17. juli sender Sunnmøre politidistrikt papira til Kriminalsomsorgen i Bergen.

– Seks månader ser ut til å vera ein for lang periode. Men det kan ha spesielle årsaker. Derfor går vi inn i dette no, vi må undersøka kva som har skjedd, seier Busch.

300 i soningskø

Per Sigurd Våge

– VILLE BLITT INNKALLA: Det seier regiondirektør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorgen.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Frå 17. juli har Kriminalomsorgen i Bergen to månader på seg før domfelte formelt hamnar i soningskø. Den sikta 23-åringen har framleis ikkje fått innkalling til soning, som må varslast to veker før datoen for soninga byrjar.

– Han ville blitt kalla inn om kort tid om drapet ikkje hadde skjedd, seier regiondirektør Per Sigurd Våge i Kriminalomsorgen til NRK.

Han fortel at Region vest har kring 300 personar som ventar på å sone. Den køen hadde den sikta 23-åringen hamna i 17. september.

– Fengsla er fulle

Talet på domfelte som ventar på soning har vore høgare før, ifølgje Våge.

– Men vi har heilt klart for lav kapasitet i fengsla. Og det er eit ressursproblem.

Det stadfestar også riksadvokaten.

– Kriminalomsorgen får svare for seg, men vi er i ein situasjon der fengsla er fulle, det er eit faktum.

Busch reknar med det tek kort tid å få svaret på kva tidsbruken på forkynninga skuldast.

– Eg reknar med å få ei utgreiing frå Sunnmøre politidistrikt innan nokre dagar.