Det er magasinet Billboard sjølv som opplyser at brørne Bård og Vegard Ylvisåker frå Bergen klatrar frå 13. plass til 8. plass på lista over dei mest populære songane akkurat no.
Den siste veka har «The Fox» blitt lasta ned 71 000 gonger, og det er 21 prosent meir enn sist veke. Songen er streama 9,5 millionar gonger, som er ein auke på 34 prosent, ifølgje det amerikanske musikkmagasinet.
Superhiten er no vist om lag 79 millionar gonger på Youtube.
«The Fox» kom inn på Billboard-lista på
Veka etter
og deretter Ingen andre norske artistar har oppnådd ei slik plassering sidan A-ha toppa Billboard-lista med «Take On Me» i 1985.Etter førre hopp på den amerikanske hitlista sa Ylvis-manager Jørgen Thue til NRK.no at det har vore ein enorm auke i pågangen frå inn- og utland dei siste vekene.
– Kvar morgon er det 150 nye mailar i innboksen, og slik held det fram utover dagen, sa Thue.
Les også: