Video Det regnar sjøvatn i Bjorøytunnelen - Foto: Nyhetsspiller /

SJÅ VIDEO: Det regnar sjøvatn inn på bilistane i Bjorøytunnelen.

Her må bilistane køyre gjennom ein skur av sjøvatn

Sprengingsarbeid etter «Rocknes»-ulukka gjer at det no renn 800 liter sjøvatn i minuttet inn i Bjorøytunnelen. – Skummelt, seier velforeininga.

I Bjorøytunnelen har dei fjerna duken langs tunnelveggen, og dermed vert ein svært klar over at ein faktisk er langt under havoverflata.

800 liter i minuttet

Om lag 800 liter sjøvatn renn inn tunnelen i minuttet. Til vanleg renn det rett i eit basseng som pumpar det ut, men når duken er vekke, får bilistane saltvatn rett i taket.

– Det er jo litt skummelt, eg hadde ikkje trudd det var så mykje vatn, seier Hilde Elisabeth Sandal i Bjorøy og Tyssøy Velforening.

60 meter frå tunnelen

I slutten av månaden startar arbeidet med å sprenge vekk Revskolt-grunna i Vatlestraumen. Staden der MS «Rocknes »forliste, skal gå frå ei djupne på 9 til 14 meter for å gjere skipsleia tryggare. Sprenginga er på det næraste berre 60 meter frå tunnelveggen.

Tunnelduken er teken vekk for at det skal vere mogleg å overvake tunnelen medan sprengingsarbeidet går føre seg.

65 000 kubikkmeter med fjell skal fjernast for å gjere skipsleia tryggare.

Redde for tunnelen

Dette arbeidet har folk på Bjorøy vore sterkt imot. Arbeidet med tunnelen, som opna i 1996, tok lenger tid enn planlagt på grunn av stor vassføring i fjellet og vanskelege fjellforhold.

Velforeininga er bekymra for at sprenginga kan få konsekvensar for tunnelen, som dei 850 innbyggjarane er avhengige av for å komme til og frå øya.Dei stiller òg spørsmål ved kor naudsynt prosjektet er, når ein set det opp mot risikoen for at noko går gale.

Kystverket får ikkje starte sprenginga før dei har halde eit folkemøte om beredskapen.

– Me har gjort grundige undersøkingar og kontroll saman med Statens vegvesen. I tillegg vil me følge opp tunnelen under heile arbeidet, seier prosjektleiar i Kystverket, Tone Sivertsen til Bergens Tidende.

Siste video:

Dronebilder fra Odda
Røde Kors leter etter private eiendeler og leverer tilbake tingene de har funnet til dem som har mistet huset etter flommen i Odda.
Med intervju

Flere nyheter

Se Vestlandsrevyen her

Vestlandsrevyen - Foto: Marit Hommedal / Scanpix
Foto: Marit Hommedal / Scanpix

TV: Siste Vestlandsrevy-sending

Hør siste lokalsending

Erik Hanøy - Foto: Astrid Rommetveit, NRK /
Foto: Astrid Rommetveit, NRK

RADIO: Hør sendingene her

Flere nyheter