Hopp til innhold

Regjeringa med milliardpakke til det offentlege

Regjeringa varsla i dag at dei vil bruka over 2,5 milliardar til å rusta opp offentlege bygg og infrastruktur. Særleg Vestlandet og Sørlandet får nyta godt av pengane.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg vil bruka meir pengar på å rusta opp Noreg.

Foto: Ruud, Vidar / NTB Scanpix

Vallogo

Under eit besøk på Møhlenpris skule i Bergen laurdag ettermiddag la Erna Solberg fram ei ny milliardpakke innanfor offentleg sektor.

Pengane skal gå til å rusta opp veg, jernbane, sjukehus, kulturhus og andre offentlege bygg.

Me løftar vedlikehald i offentleg sektor gjennom ekstraordinære aktivitetsmidlar fordi det gir jobbar raskt, samstundes som me får utført nødvendige oppgåver i samfunnet, seier Solberg til NRK.

150 millionar skal settast av til vedlikehald av til jernbanestrekningen mellom Bergen og Voss.

– Ekstra behov

Særleg på Vestlandet og Sørlandet kor nedgangstidene innanfor olje- og gassektoren er ekstra merkbare vil det bli sett inn meir pengar.

Statsministeren fortel at fordelen med vedlikehald er at det krevst ikkje omfattande utgreiingar, reguleringsplanar eller forsking, det er arbeid som raskt vert sett i verk og som genererer aktivitet over heile landet.

– Å ta vare på verdiane våre er alltid lurt. Å kombinere det med å få fleire i jobb, er dobbelt så lurt.

– Strammar inn på kommuneøkonomien

Finanspolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, Marianne Marthinsen, meiner ein også må sjå på kor mykje kommunane får i budsjettet.

– Me er uroa for at regjeringa har varsla eit for stramt opplegg for kommunane i året som kjem. Min oppfordring til dei er at dei også må sjå på den biten, seier Marthinsen.

– Satsing på vedlikehald er me veldig positiv til, og dette vil nok få Arbeidarpartiets si støtte under budsjettbehandlinga.

Mathinsen meiner likevel forslaget ikkje er god nok retta inn mot nedgangstidene ein ser innanfor visse næringar.

– Vår tiltakspakke handla heilt spesifikt om dei næringane som slit og om dei folka som no mister jobben. Det er der me etterlyse konkrete tiltak også frå regjeringa si side.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er ikkje einig i at tiltakspakka deira ikkje er retta mot dette:

– Mesteparten av Aps tiltak får effekt først fleire år fram i tid, fordi dei forutset forsking, planlegging og regulering først. Det er ikkje offentlege byråkratar som slit i arbeidsmarknaden, men bygg og anleggsbransjen. Til det er regjeringens tiltakspakke spesielt godt innretta, seier Solvik-Olsen.

– Ikkje nok

Pål Hafstad Thorsen, APs tredjekandidat i Bergen er ikkje særleg imponert over det regjeringa kjem med her.

– Er er skuffa over at statsminister Erna Solberg berre strør nokon statlege smular over Bergen, og trur at det skal hjelpa kommunen ut av forfallskrisa, seier Hafstad Thorsen.

Han seier vedlikehaldsetterslepet i Bergen er stort.

– Bergen har eit vedlikehaldsetterslep på skulebygg på 5,5 milliardar kroner, så det er rett og slett ikkje nok penger.