Hopp til innhold

Prioriterer ikkje fartskontroll der flest bryt fartsgrensa

Utrykkingspolitiet på Vestlandet er ikkje opptekne av å ta flest mogleg råkøyrarar. – Vi har ein annan strategi, seier distriktssjef Terje Oksnes.

Terje Oksnes, UP

STILLER SEG I 80-SONA: UP-sjef på Vestlandet, Terje Oksnes, er ikkje oppteken av å skriva flest mogleg bøter. Han vil heller ta dei som køyrer for fort der ulukkene skjer.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Kvart UP-distrikt i Norge har krav for kor mange ruskøyrarar, råkøyrarar og andre dei skal ta i løpet av året. På Vestlandet er distriktssjef Terje Oksnes open om at Utrykkingspolitiet her ikkje når måla.

Årsaka er at dei prioriterer annleis når dei vel kor dei skal ha kontrollane sine.

– Fram til eg byrja hadde vi gode resultat for måloppnåing, men eg har bakgrunn som tradisjonell førebyggjar i politiet og eg har bakgrunn frå krimanalyse. Det er kunnskap eg har tatt med meg i denne jobben også, seier Oksnes til NRK.

Fartskontroll i Mogrenda i Eid

Utrykkingspolitiet på Vestlandet har mange fartskontrollar i året. Her frå Mogrenda i Eid.

Foto: Silje Guddal / NRK

Stiller seg i 80-sona

Han tek NRK med ut på E39, kyststamvegen som snirklar seg gjennom heile Vestlandet, frå Kristiansand i sør til Trondheim i nord.

Dei fleste sjåførar her i landet blir tatt i fartskontroll i 60-sona. Det er ikkje interessant for UP på Vestlandet. Dei stiller seg heller i 80-sona.

– I ei 60-sone tek vi eit førarkort i timen og vi tek ein overtrådar kvart femte minutt. Men det er mykje viktigare å stå i 80-sona for å dempe farten der ulukkene skjer, seier Oksnes.

Konsekvensen er at UP på Vestlandet skriv færre bøter.

Kva tenkjer bilistane på Vestlandet om jobben UP gjer? Høyr radiosaka her.

Nådde ikkje krava

I 2015 nådde ikkje UP fleire av krava dei har på seg, mellom anna talet på førarkortbeslag. Årsaka er altså at UP her i vest konsentrerer seg om dei mest ulukkesutsette vegstrekningane og ikkje der flest køyrer for fort.

Oksnes presiserer at han ikkje har grunnlag for å seie at dei jobbar betre enn andre UP-distrikt. Men for han er preventivt arbeid viktigare enn å ta dei som køyrer for fort.

– I den rekkefølga ja. Det er viktigare å forhindre ulukkene enn å ta nokon etter at ulukka har skjedd.