Prestisjepris til «Ole Bulls tone»

Dokumentarfilmen om den kjente norske fiolinspelaren har vunne den prestisjetunge prisen Gullrosen.

Eldbjørg and Ragnhild Hemsing i "Ole Bulls tone"

Søstrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing frå Valdres legg i dokumentaren «Ole Bulls tone» ut på reise for å leita etter kompinisten sin tone.

Foto: NRK

Prisen blei delt ut i dag, på den internasjonale underhaldingsfestivalen i Lucerne i Sveits. «Ole Bulls tone» vann kategorien «Art and Documentary».

Dei to andre nominerte i denne kategorien var ein BBC-dokumentar om rockgruppa Queen, og ein belgisk produksjon av ei sceneframvising av historia om «Den lille havfruen».

Norsk musikkhistorie sin mest kjente lyd

Dokumentaren «Ole Bulls tone» handlar om to søstre frå Valdres som leitar etter den mest kjente lyden i norsk musikkhistorie; korleis det eigentleg høyrtes ut når Ole Bulls spelte fiolin. I jakta på tonen reiser dei heilt til ein fiolinverkstad i Tel Aviv.

– Dette er usannsynleg morosamt, seier Steinar Birkeland, som mottok prisen i Lucerne. Birkeland har hatt manus og kommentarar på dokumentaren som er produsert ved NRK Hordaland.

– Me skal vera så ubeskjedne og seia at dette er ein av dei store tv-festivalane i verda. Kva det å vinna vil bety i praksis får me sjå, seier Birkeland.

– Klassisk musikk til eit stort publikum

I grunngivinga frå juryen blir det trekt fram at programmet gir eit godt innblikk og ei god forståing av ein mindre kjent norsk komponist. Dette skjer på ein måte som er lett å forstå, og med ei unik og kreativ tilnærming til komponisten. Dokumentaren har suksess med å bringa klassisk musikk nærare eit stort publikum.

Mottok Gullrosen for "Ole Bulls tone"

F.v. Trond Lillealtern, Thomas Hellum og Steinar Birkeland i NRK tok i mot Gullrosen i Lucerne torsdag.

Foto: NRK

Programma som vinn innan ein kategori konkurrerer vidare om å vinna hovudprisen i Gullrosen. Vinnaren av hovudprisen blir offentleggjort seinare i kveld.

400 program blei vurderte av Gullrosen-juryen i Lucerne, og 36 av desse programma gjekk heilt til finalen. Dei nominerte programskaparane er frå 40 ulike land.

Berre to norske program gjekk heilt til finalen, og dette var «Ole Bulls tone» og «Hurtigruten minutt for minutt».

Siste video:

22. mai åpner SF Kino Sotra på Sartor Storsenter. Et nytt tilbud som kan bli en hard konkurrent for kinoene i Bergen.
Vannlekkasje på UiB
Marion Ravn hadde tatt turen til Bergen for å spele konsert på lille Ole Bill tysdag kveld. Men først var ho innom studioet vårt for å spele låta si "When you come around".