Hopp til innhold

Slik blir den nye Nygårdsparken

– Vi ønskjer at folk skal komme inn og bruke området på ein heilt anna måte enn det som skjer i dag, sa sjefen for Grøn etat då tidsplanen for opprustinga av Nygårdsparken vart presentert måndag.

Nygårdsparken

TIL NESTE ÅR: Slik blir det sjåande ut i øvste del av Nygårdsparken i 2015. Måndag neste veke stengjer parken og kommunen skal ruste opp området som i dag er ei av Nord-Europas største russcener.

Foto: Smedsvig Landskapsarkitekter / Bergen kommune

Måndag om ei veke stengjer parken, og rusmiljøet må ut. Det er Grøn etat i Bergen kommune som skal stå for opprustinga av parken. Dei byrjar arbeidet så snart den øvste delen av parken er tom for folk.

– Vi byrjar å setje opp gjerde, og deretter er første punkt å rydde og reinske området for sprøytespissar, fortel etatssjef Sissel Lerum.

Vidare skal arbeidet dreie seg om Flagghaugen. Vegetasjon skal fjernast slik at det blir opna for flott utsikt frå toppen av parken.

Langedammen Nygårdsparken

PROMENADE: Langs Langedammen kan ein om eit år både spasera og setje seg ned.

Foto: Smedsvig Landskapsarkitekter AS / Bergen kommune

– Vi gler oss veldig

– Deretter står vegane for tur. Fleire av dei skal rehabiliterast og det blir nytt vegnett. Vi kjem til å stengje vegen som går opp i parken forbi Hulen først.

Til neste år skal det heile stå ferdig. Forvandlingen frå korleis parken står fram i dag til korleis den blir neste sommar er stor. Eit av ønskja til Grønn etat er at den øvste delen av parken skal nyttast på same måte som nedre del vert nytta.

– Når det er fint vêr tapetserer studentar og folk plenane i parken. Vi vil at den øvste delen av parken også er ein stad ein vil opphalde seg, og ikkje berre passere. Vi ønskjer at folk skal komme inn og bruke området på ein heilt anna måte enn det som skjer i dag.

– Det er fantastisk flott at vi får moglegheita til å ruste opp den øvste delen og vi gler oss veldig, smiler Lerum.

Promenade og utsiktspunkt

Stenging Nygårdsparken

SET OPP GJERDE: Slik blir parken stengt for alle under anleggstida. Det vert sett opp høge gjerde rundt heile øvste del av parken.

Foto: Bergen kommune

Ved Langedammen skal det byggjast ein promenade der det også blir sitteplassar. Dessutan skal kommunen lage ein open plass som førebels vert kalla «Knutepunktet».

- Dette blir ein aktivitetsplass, med klatrelandskap, leikeapparat og bordtennisbord. Det skal også byggast ein paviljong så ein kan sitje under tak. Her vil det også bli opna ein liten kafé.

Ved Flagghaugen blir det fjerna vegetasjon som skal gi besøkande ei flott utsikt frå toppen av parken.

Knutepunktet

AKTIVITETSPLASS: Kommunen lagar til ein ny open plass dei har kalla «Knutepunktet».

Foto: Smedsvig Landskapsarkitekter / Bergen kommune