Hopp til innhold

Politiet: – Parkstenginga har fungert godt

Politiet er sikre på at det var riktig å stenge Nygårdsparken i Bergen, trass fleire overdosar enn normalt.

Olav Valland

POSITIVE: Politiet meiner stenginga av Nygårdsparken i Bergen så langt har fungert godt. Det seier politistasjonssjef Olav Valland.

Foto: Mari Stafsnes Osland / NRK

Stenginga av Nygårdsparken på måndag kom etter fleire år med førebuing, i eit samarbeid mellom politiet, Bergen kommune og helsevesenet. Som følgjer av stenginga måtte dei rusavhengige finne nye plassar å vere.

Samstundes har rusakutten i Helse Bergen registrert fleire overdosar enn vanleg, men politiet meiner stenginga i det store og det heile har fungert godt.

– Vi har førebudd oss over lang tid, både formelt og praktisk. Vi ser no at det har gått veldig bra. Politiinnsatsen har vore godt førebudd, og greitt gjennomført, seier Olav Valland, politistasjonssjef i Bergen sentrum.

Færre i sentrum enn venta

Men også dei har spurt seg sjølv om kor dei rusavhengige har teke vegen etter parkstenginga.

– Faktisk har veldig få av dei trekt ned i andre område i byen. Nokre få har vore rundt Korskirkeallmenningen, men ikkje i den storleiken vi kunne ha frykta, seier Valland.

Han vedgår at dei i stor grad har mista kontroll over kor sal av ulovlege stoff går føre seg, men at det var ein del av meininga bak det å stenge parken.

– Målet var jo å løyse opp i dei kriminelle, opne russcenene, der sal og omsetning har florert over fleire år.

(Saka held fram under biletet)

Politiet i Nygårdsparken etter stengingen

STENGT: Nygårdsparken vart steng måndag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Rustilboda blir godt nytta

Dagane etter stenginga har ikkje bydd på dei store overraskingane for politiet, anna enn at ikkje fleire har trekt inn mot Bergen sentrum. Politistasjonssjefen veit ikkje kva som er årsaka til dette.

– Men det er heilt klart at nokre av dei tilboda kommunen har sett i verk, blant anna opning av MO-sentera, har hatt ein viss verknad. Vi veit i alle fall at MO-senteret i Nesttun har hatt veldig godt besøk. Vi er litt usikre på senteret på Wergeland. Litt av grunnen til det er at dei førebels ikkje har lågtilbod for rusmisbrukarar. Vi ser også veldig fram til opninga av Helse Bergen sitt medisinske mottakssenter som kjem i Møllendalsvegen, seier han.

Fleire overdosedødsfall

Rusakutten har denne veka meldt om høgare tal på overdosar enn normalt, men Valland peiker på at dei også har vore tydelege på at ein ikkje er sikre på om dette har samanheng med stenginga av parken. Likevel seier han at ein ikkje kan sjå vekk frå det.

– Det er i tilfelle ein negativ konsekvens. Då må tilboda og merksemda i miljøet, ikkje minst frå politiet og helsevesenet, aukast for å sikre at vi ikkje får fleire overdosedødsfall, seier han.

– Vil nytte sjansen til å bli rusfrie

Trass i att det framleis er spørsmål utan svar, held politistasjonssjefen fast ved at det var rett avgjerd å stenge Nygårdsparken. Han fortel at dei har brukt både eiga erfaring og erfaring frå andre norske og europeiske byar i prosessen.

– Med den bakgrunnen er eg relativ sikker på at om dette ikkje er løysinga, så er det i alle fall med på å redusere omfanget av opne russcener.

Politiet har også fått fleire tilbakemeldingar både indirekte og direkte som tyder på at stenginga kan ha fått fleire positive, og kanskje uventa, konsekvensar.

– Vi høyrer at mange av dei rusavhengige ønskjer å nytte sjansen til å bli rusfrie, og det er jo i tilfelle ein veldig positiv bieffekt, om vi kan kalle det det, seier Valland.

Sprøyter i Nygårdsparken

OPEN RUSSCENE: Dette ville politi, helsevesen og kommunen ha slutt på.

Foto: Grim Berge / NRK