Hopp til innhold

Poserte med hagle – tatt for MMS-trussel

Ein mann i førtiåra blei i natt pågripen i ein væpna aksjon i Sveio. Mannen skal ha sendt eit bilete av seg sjølv der han poserte med ei dobbeltløpa hagle.

Haugesund politistasjon

HAUGESUND: Mannen i 40-åra sit no i varetekt ved Haugesund politistasjon. Han blir avhøyrt i løpet av dagen.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Seint tysdag kveld blei politiet kontakta av ein mann i 30-åra frå Sveio. Han fortalde at han hadde fått ein trusselmelding på telefonen frå ein sveibu i 40-åra.

Meldinga inneheldt eit bilete av den mistenkte som poserte med ei dobbeltløpa hagle som han heldt klar til å fyre av.

– Mannen i 40-åra er ein me kjenner frå før frå trussel-og valdssaker, så me valde difor å ta dette på alvor, seier operasjonsleiar i politiet Jarle Utne Reitan.

Pågripen i væpna aksjon

Mannen som tok imot trusselen har ifølgje han over lengre tid hatt ei konflikt med mannen med hagla. Mannen i 40-åra var også frå tidlegare av mistenkt for å ha oppsøkt bustaden til mannen i 30-årane og gjort seg skuldig i skadeverk.

På bakgrunn av dette sende politiet 10 væpna tenestemenn, to politihundar og nødvendig utstyr til Sveio.

– Det var ingen fysisk kontakt mellom dei to involverte. Politiet oppsøkte mannen og arresterte han utan dramatikk. Han sit no i arresten hos oss i Haugesund, seier Reitan.

Mannen er sikta for å ha komme med trugslar, og vil bli avhøyrt i løpet av dagen.

Bakgrunnen for trugslane skal ha vore eit økonomisk forhold dei i mellom.