Hopp til innhold

Valdssak mot politiet henlagt

John Caine hevdar han fekk bank av to UP-betjentar, men spesialeininga kan ikkje sjå at det har skjedd noko straffbart. No er saka lagt bort.

Jon Caine på legevakten

PÅ LEGEVAKTA: Slik såg John Caine ut på legevakta etter at han blei stoppa av UP.

Foto: Privat

– Vi fekk vite seint i går ettermiddag. Vi blei svært skuffa, fortel kona til John Caine, Ann-Elisbet Røssland til NRK.

I vår melde Caine to politibetjentar til spesialeininga for politivald. Han meiner dei har slått han og vore så hardhente at han til slutt svima av.

Vurderer å anke

Jon Caine på legevakten

SKADER: John Caine hadde skader etter møtet med UP, og blei henta av ambulanse.

Foto: Privat
Jon Caines bilde av UP-bilen

BILETE AV UP-BILEN: Caine tok dette bilete, og seier han ville melde frå til politiet om køyringa til bilen. Bilen viste seg å vere UP.

Foto: Privat

Paret veit førebels ikkje kva steg dei skal ta vidare. Advokaten til Caine, Cecilie Schjatvedt, er på reise denne helga og paret vil først gå grundig igjennom henlegginga før dei bestemmer seg for om dei vil anke.

– Vi har fått høyre at spesialeininga henlegger dei fleste sakene dei får inn, men vi hadde håpt å vinne fram med dette. Vi vil vurdere å anke, seier Røssland.

– Svært skuffa

– Vi synest ikkje spesialeininga har gått igjennom bevisa grundig nok. Dei framstiller også John som lite truverdig, meiner kona.

Det var i mai han blei stoppa av to UP-betjentar som meinte han hadde ei merkeleg køyreåtferd. Ifølgje betjentane motsette Caine seg å vise fram førarkort og sat seg i motverje. Dei mistenkte også at Caine var rusa, og løfta han ut av bilen.

Caine blei lagt i bakken. Betjentane såg at han blei blå i ansiktet, at kroppen rista og at han blødde. Difor ringde dei ambulanse. Dei to hevdar at dei ikkje har brukt vald mot Caine, og at dei ikkje på noko tidspunkt har hatt eit kne i halsen på Caine.

Svima av

John si forklaring ser svært annleis ut. Han reagerte på køyringa til ein svart Mercedes, og la seg opp på sida av bilen for å ta eit bilete og varsle politiet om køyringa.

Så slo Mercedesen på blålys. Det viste seg å vere UP. Dei stoppa opp. Det gjorde også Caine. Ein mann kom bort og bad Caine om å vise fram førarkort. Han trudde ikkje på at dei var politimenn, og bad om å få sjå legitimasjon frå betjenten før han ville vise noko slags legitimasjon.

Han blei spurt om å vise fram legitimasjon fleire gonger. Så kom den andre mannen ut av UP-bilen. Han opna bildøra og slo direkte til Caine med knytt hand. Caine har også forklart at dei reiv og sleit i han.

Til slutt blei han tatt ut av bilen og lagt på bakken. Betjentane forsøkte å setje på han handjern. Den eine betjenten skal ha sett kneet sitt høgt oppe på brystkassa hans slik at han til slutt svima av.

Det finst ein video frå UP-bilen, men klippet viser ikkje alt som skjer i denne situasjonen.

– UP handla ikkje straffbart

Spesialeininga meiner det ikkje kan bevisast at det har skjedd noko straffbart, og har difor valt å legge vekk saka.

UP-betjentane får ikkje kritikk for å ha stoppa Caine. Dei har vurdert om det blei brukt meir makt enn naudsynt, og om han skulle fått ein betre sjanse til å gå ut av bilen frivillig. Spesialeininga har konkludert med at maktbruken ikkje er straffbar.

Slik Spesialeininga ser det finst der heller ikkje bevis for at det blei brukt slag eller spark mot Caine. Dei har lagt vekt på at det ikkje finst medisinske opplysningar til å byggje opp under Caine si forklaring.

At det var naudsynt å bruke makt i det heile blir sett på som ei følgje av at Caine sette seg i mot politiet. Caine hevda UP-patruljen køyrde fort og ikkje overheldt trafikkreglane, men heller ikkje UP-patruljen si køyring blir kritisert av spesialeininga.