Politiet stadfestar at ein ransalarm har blitt utløyst i Jernbanepersonalets bank og forsikring i Lungegårdsbakken i Bergen sentrum.
Store styrkar med politi rykka ut i Bergen sentrum då ein ransalarm gjekk.
Foto: Steinar Nedkvitne / NRKAlarmen blei utløyst i 15.30-tida måndag ettermiddag og væpna politi rykka ut til staden.
Det var ein feil alarm, opplyser politiet kl. 15.50.
– Då politipatruljer kom til staden var det ikkje noko unormalt å sjå frå utsida. Kl. 15.46 fekk me kontakt med personalet, som stadfesta feil alarm, opplyser operasjonsleiar Erik Gjesdal ved Hordaland politidistrikt.
Politiet kan ikkje seia noko om årsaka til at alarmen blei utløyst.