Hopp til innhold

Politiker sikta for seksuelt overgrep

Ein politikar i Hordaland er sikta for eit seksuelt overgrep mot ein gut. Mannen har trekt seg frå alle politiske verv.

Politikaren informerte sjølv fylkesleiaren i partiet tidlegare i haust. Då var han under etterforsking av politiet.

Siktinga gjeld seksuell omgang med eit barn under 14 år. Strafferamma er fengsel i inntil ti år. Forholdet skal ligga fleire år tilbake i tid.

Etterforskinga vart avslutta for tre veker sidan, og saka er sendt til statsadvokaten for påtaleavgjerd.

NRK har vore i kontakt med den sikta, som ikkje vil kommentera saka.

Trekte seg frå alle verv

Mannen var lokallagsleiar i sitt parti

– Vedkommande har trekt seg frå alle sine tillitsverv i haust, seier fylkesleiaren i partiet til NRK.

Mannens forsvarar, advokat Kjell Steinsbø, seier han ventar på resultatet av etterforskinga. Han vil heller ikkje kommentere korleis klienten hans stiller seg til siktinga.

Saka har blitt etterforska ved ein anna politistasjon enn der politikaren er tilhøyrande, grunna habilitetskonflikt.

Bistandsadvokat Ivar Abrahamsen opplyser til NRK at den fornærma ikkje ønskjer å uttale seg i saka.